Auka interesse: Bønder som driv med dei bevaringsverdige storferasane merkar auka etterspurnad etter livdyr. Knut Thunheim, (t.h.) er glad for at det no er større forståing og aksept for det viktige bevaringsarbeidet som må til for desse delvis trua rasane. Tore Joa t.v. og bonde Magne Kyllingstad Sæstad i midten.

Dei er små, dei er få og dei lever spreidd rundt om i landet. No skal eigenskapane til dei bevaringsverdige storferasane på sør og vestlandet kartleggast.

Liv Kristin Sola

I slutten av oktober reiste Knut Thunheim og Tore Joa frå sør til vest for å kartlegge kyr av dei gamle norske storferasane. Knut er vestlandsk raudkolleentusiast og primus motor for prosjektet. Han har drive med storfe og sau i over femti år og har leia laget for vestlandsk raudkolle i ei årrekke. Tore Joa er avlsrådgivar i Tine og godt over gjennomsnittet ku- og eksteriørinteressert.

Moderne fjøs

Bondevennen fekk vere med til tre av besetningane. Første stopp er Løyning gard på Eigerøy i Egersund. Det moderne fjøset til Tone og Magne Sæstad husar rundt 70 storfe av rasane vestlandsk raudkolle og sidet trønderfe og nordlandsfe.
Dyra beiter i ugjødsla kystlynghei. Kalvane er vende frå og kyrne tørre. Dermed er det ei utfordring å vurdere jureksteriør. Slik var det på mange av bruka dei var innom, noko som skapte litt hovudbry.

– Det er eit problem at fleire av desse rasane er i ferd med å forsvinne som mjølkekyr. Me må få fram funksjonelle kyr som heng med i utviklinga, seier Knut.

– Dei må ha eit godt jur med eit godt midtband og funksjonelle spenar. Det gjeld spesielt dei som skal mjølkast, men også ammekyrne. Aldri kjøp ein okse før du har sett mora, seier Tore.

Stort engasjement: Garden til Gunnar Skadberg (t.h.) ligg inneklemt mellom bustadhus ut mot havet på Eigerøya. Å kome inn i tunet og vidare inn i fjøset til dei vestlandske raudkollene er som å gå attende i tid. Tore Joa i midten og Knut Thunheim til venstre. 

Solid: Kunummer 287 har har hatt seks kalvar. Dommaren sin kommentar: Låg og djup. Langt, litt rett, men god breidde på krysset. Kuhasa, med slakke kodar. Romsleg jur med noko lange spenar. Ho fekk åtte poeng for kropp og bein og 3,5 på jur. 

Ei anna tid

Å kome inn i fjøset til Gunnar Skadberg er som å gå attende i tid. Bortsett frå to fôringsoksar, er det berre vestlandske raudkoller som stikker hovuda gjennom etefrontane, fleire av dei i tre. Her er rikelege med fôr på fôrbrettet og dyra merkast ikkje av at fjøset fyllast opp av tre plastikk-skodde framande.
Gunnar er ein av dei som har lagt ned mykje arbeid for den vestlandske raudkolla. På bås står eit par høgreiste kyr som imponerer dommarane. Ei høg score både på jur og kropp og bein, og hadde fått ein førstepremie om det var på utstilling.

Velferd: Litt kvalitetstid med kyrne bør alle unne seg. Kjellaug Veshovda har ikkje mjølkekvote, men rett over nyttår skal ho sjølv starte med å foredle mjølka frå dei sju telemarkskyrne sine.

Første kalven: Kua Annabel er den første kalven av telemarksfe som er født på garden hjå Kjellaug. I dag har ho sjølv kalva og vil alltid vere spesiell for bonden.

Blanda gener: Telemarkskyrne til Kjellaug Veshovda kjem frå heile Sør-Norge. Ho har kjøpt alle reinrasa, og nyttar både semin og gardsokse i avlen. 

Eit lite stykke Telemark

Det har blitt sein ettermiddag då me parkerer hjå Kjellaug Veshovda på Veshovda i Egersund. Innanfor fjøsdøra venter eit imponerande skode. Her står Lykke, som får ni poeng for kropp og bein, og 4,5 på jur. Tore trekker fram ord som elegant, god djupne og fantastisk jurfeste om kyrne til Kjellaug. Han meiner heile fire av dei bør vurderast som oksemødre.

– Det er imponerande. Det må du skrive, seier Tore. Om rådgivaren er imponert over kyrne, er han ikkje like begeistra for døtrene.

– Ja, dei har jo ein far og, er kommentaren.

Kryss inn utanlandske genar

Då Bondevennen i ettertid tek kontakt, er både Knut og Tore er nøgde med turen. Dei såg mykje bra, men erkjenner at det er ein del å ta fatt i, ikkje minst på jur, men også litt på lynne.

– Me møtte eit par kyr med svært dårleg lynne. Slike eigenskapar må me få vekk, seier Knut, og ber bøndene unngå å bruke okse etter slike kyr.

– Me såg fine dyr både av telemark, vestlandsk raudkolle og fjordfe. Den finaste raudkolla fann me på Espe. Heilt strøken, men nok litt feil farge, seier Tore.

Han har merka seg debatten om rasepreg og er skeptisk til det som kan opplevast som strenge krav. For kva definerer ein rase? Tore minner om at storferasane har utvikla seg her i landet gjennom hundrevis av år. Opp gjennom tidene har det vore kryssa inn genar, også frå utlandet.

– Når situasjonen er slik som den er, kan me ikkje tenke i eit 150-års perspektiv. Sjølv for tusen år sidan snakkar me meir eller mindre om dei same genane, seier han.

Rådgivaren oppmodar avlslaga om ikkje å vere så skeptiske til å krysse inn utanlandske gener for å få eit større genetisk mangfald.

– I England finst det raudkoller. I Finland, Sverige og ikkje minst på Island finst det mykje god genetikk å få tak i, av kyr som genetisk er i slekt med våre gamle rasar, seier Tore.

Å tvihalde på det såkalla norske meiner han er ei avsporing.

– Det gjer det i alle fall meir krevjande enn det nødvendig å drive avlsarbeid på desse rasane, seier avlsrådgivaren.

Oksemødre på rekke og rad: – Den og den og … ja, alle desse fire er flotte oksemorkandidatar, seier Tore om telemarkskyrne til Kjellaug. Smilet til bonden blir breiare og breiare. Det er lov å vere stolt når eksteriøreksperten skryt av flokken. 

Etterlengta besøk

For bønder som driv med kommersielle kjøt- og mjølkerasar er tilbod om avlsrådgiving og –planlegging heilt daglegdags. Slik er det ikkje for dei bevaringsverdige storferasane. Det er langt mellom buskapane og ofte endå lenger mellom dei med same rase.

– Det var utruleg som folk sette pris på at me kom og ville vurdere dyra og diskutere korleis dei skal drive avlsarbeid. Kva dei skal tenke på om dei kjøper oksar og slik, seier Knut.

For ein ting er registreringa, like viktig meiner han det er å møtest på fjøsgolvet og informere om og diskutere avlsarbeid med kvar enkelt bonde.
Knut innrømmer at raseinteressa nok har gått litt vel langt og håper dei kan samlast meir på tvers av rasar.

Haldebare kyr: Både Lykke har hatt 6 kalvar og Gullkrans har hatt 7. Begge fekk 9 poeng på kropp og bein og 4,5 for jur. Gullkrans mjølker 30 liter om dagen. Lykke er inseminert med okse 7195. Blir det oksekalv skal den vurderes til semin. Kvidros har hatt fem kalvar. Nyleg fekk Gullkrans og Silja tvillingar, til bonden store glede. Ord som elegant, mjølkepreg, finbygd, vart nytta for å karakterisere telemarkskyrene til Kjellaug.

Stikkord denne saka: ,