BN+

Flytter inn: Elin og Leif John Haugstad er klar til å flytta inn jerseykyrne i nyfjøset etter ein svært hekstisk byggeperiode med stor eigeninnsats.

Jærbu med 40.000 i kvote bygger nytt fjøs i tre

Leif John Haugstad har bygd flunkande nytt fjøs på 800 kvadratmeter med eit budsjett på 4,1 millionar kroner. Fjøset skal betala seg sjølv, seier bonden.


Sjur Håland


Han og kona, Elin, tar med seg gamle tradisjonar og byggematerial inn i den nye tida. Med litt på kontoen på førehand, ekstra tilskot frå Innovasjon Norge og stor arbeidskapasitet i byggeperioden, meiner bonden frå Vigrestad at det fint lar seg gjere å betala fjøset med ei jerseybesetning, 40.000 liter i kvote og litt livdyrsal i tillegg.

Døgnet rundt

Strukturrasjonalisering, større einingar, dårleg lønsemd og kostnadsauke som set byggeprosjekt på vent, skapar for tida dei største landbruksoverskriftene. Det finst bønder som går sine eigne vegar også på Jæren. Leif John er nøgd med å vera «liten ». Han vil greia seg med det garden gir.
Nå manglar berre båsskilja i liggebåsane og litt anna småplukk før han kan slå i siste spikaren og flytta kyrne inn i fjøset. Byggeperioden har vore kort og hektisk. Bonden har gjort det meste sjølv, inkludert grunnarbeidet, med noko hjelp frå ein tømrar i tillegg.


– Det har vore arbeid nærast døgnet rundt sidan femte april. Nå blir det godt å koma i mål, seier han.

VIL DU LESE DENNE OG ANDRE ARTIKLAR PÅ NETT?

KJØP DIGITALT ABONNEMENT, ELLER PRØV EI VEKE GRATIS

Abonnementet gir deg tilgang til alle Bondevennen sine artiklar på nett.

Allereie digital abonnent? Logg inn her

På grunn av endring i abonnementssystemet 25.10.23 må alle abonnenter sette nytt passord for å lese låste artikler på nettsiden. Vi beklager bryderiet.
Se veiledning for å bytte passord her.

Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss en epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer. 

Har du spørsmål angående abonnement?

Kontakt oss på telefon 51 88 72 61 eller send ein e-post til
post@bondevennen.no.

Stikkord denne saka: , , ,