BN+

Ikkje friskmeldt: Anne Marie Lerang og Per M. Bjorland tar jobben vidare for prosjektet Frivillige tiltak. Målet er redusert avrenning og reinare vassdrag. Ut frå signal frå fylkesmannen, definerer dei to vassdraga som moderat ureina i beste enden.


Frivillige tiltak er det unike miljøprosjektet som stadig held vatn. Nå går arbeidet for reinare vassdrag inn i sitt femtande år, med nytt mannskap.


Sjur Håland


– Det er ikkje berre bøndene som forureinar, seier Per M. Bjorland, og plukkar opp ein kvit hurtigmat-skumplastboks frå ein sildrande bekk nær Bryne.

Reinare vatn

Bjorland har stilt opp ved elvebreidda saman med kollega Anne Marie Lerang, til fotografering. Dei får mange turar langs jærske vassdrag i tida som kjem. Arbeidet deira handlar om vatn. Redusert ureining og reinare bekker og vatn på Jæren har vore målet heilt frå prosjektstarten for Frivillige tiltak i regi av Aksjon Jærvassdrag i 2004.


– Meininga var at prosjektet skulle gå over éin treårs periode. Nå har me halde på i litt over 14 år, summerer Olav R. Husveg. Saman med kollega Olaf Gjedrem ryddar han kontora i desse dagar, etter å ha vore prosjektleiarar i 60 prosent stillingar i desse åra.

Spleiselag

Dei åtte jærkommunane som er med i spleiselaget, saman med Rogaland Fylkeskommune og Fylkesmannen i Rogaland, er Hå, Time, Klepp, Sola, Gjesdal, Sandnes, Randaberg og Stavanger.


– Samarbeidet er eineståande. Dei må ha hatt tru på arbeidet, sidan dei framleis er positive, meiner Husveg.

VIL DU LESE DENNE OG ANDRE ARTIKLAR PÅ NETT?

KJØP DIGITALT ABONNEMENT, ELLER PRØV EI VEKE GRATIS

Abonnementet gir deg tilgang til alle Bondevennen sine artiklar på nett.

Allereie digital abonnent? Logg inn her

På grunn av endring i abonnementssystemet 25.10.23 må alle abonnenter sette nytt passord for å lese låste artikler på nettsiden. Vi beklager bryderiet.
Se veiledning for å bytte passord her.

Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss en epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer. 

Har du spørsmål angående abonnement?

Kontakt oss på telefon 51 88 72 61 eller send ein e-post til
post@bondevennen.no.

Stikkord denne saka: