Prioriterer lønsemd: FKRA si oppgåve som fôrleverandør og samvirkebedrift er å syta for å auka lønsemda for den enkelte bonde, understrekar Per Harald Vabø, administrerande direktør i Felleskjøpet Rogaland Agder (FKRA).

Bønder må kutte kostnadar og fryktar dyrare kraftfôr. Felleskjøpet Rogaland Agder vil unngå høgare kornpris, men peikar på at marknadsbalanse i husdyrproduksjonane er viktigaste tiltak for å løfte inntektene.

Sjur Håland

– Det er ikkje rom for å auka kornprisane i 2020, seier administrerande direktør i Felleskjøpet Rogaland Agder (FKRA) til Bondevennen.

Vabø meiner auka kornprisar vil føra til dyrare kraftfôr i ein situasjon der marknadsubalansen er stor i dei fleste husdyrproduksjonane.

– Einaste unnataket nett no er i slaktekyllingproduksjonen, men der er nok oppsida relativt tidsavgrensa, seier Vabø.

Vil gjera sitt

På eit stormøte i regi av Norsvin Sør-Vest på Undheim tidlegare i januar vart det peika på at auken i kraftfôrpris bidreg til det økonomiske presset hjå svineprodusentane. I møtet vart det hevda at kostnadsauken på kraftfôr har vore betydeleg høgare enn kva jordbruksoppgjera har lagt til grunn. Rådet til bøndene på Undheim frå leiaren i Norges Bondelag, Lars Petter Bartnes, var å snakke med kraftfôrprodusentane, noko Bondevennen med dette, følgjer opp.

Per Harald Vabø. Foto: FKRA

– Kraftfôrprodusenten FKRA lovar å gjera sitt for å halda kraftfôrprisane nede. Men lønsemda i svineproduksjonen og resten av husdyrproduksjonane er først og fremst knytt til at ein oppnår marknadsbalanse, understrekar Vabø.

– Du vil ikkje ha auka kornpris, men er det ikkje slik at kanaliseringspolitikken legg til grunn god økonomi hjå kornbøndene?

– Sjølvsagt, men kundane til kornbøndene er kraftfôrkundane. Tenar ikkje husdyrbøndene pengar, har dei ikkje moglegheit til å betala meir for kraftfôret. Det er dette som blir kalla for terrorbalansen i norsk landbruk. Nå slit dei fleste produksjonane med å ta ut målpris. Samstundes bidreg klimaendringar og forbrukartrendar til at landbruket blir snakka ned, noko som blant anna går ut over kjøtforbruket.

Kostnadsvekst

Vabø understrekar at FKRA følgjer nøye med og har jamn kontakt med sine kundar.

– Me er klar over at marginane er pressa hjå fleire og at det er lite att for desse bøndene å ta ut i løn, seier han.

– Kan FKRA pressa ned sine kostnadar, slik det vart antyda på Undheim-møtet?

– Med eit nytt og moderne anlegg som vårt, kan me kvittera ut med låge driftskostnadar. Det er positivt. At kraftfôrprodusentane sin kostnadsvekst går over nivået som blir lagt til grunn i jordbruksavtalen skuldast meir enn karbohydratdelen. Prisane på vitamin og mineral, er to døme. Elles må me jo førehalda oss til lønskostnadar og det som elles er av kostnadsvekst i samfunnet rundt oss.

Prioriterer bondelønsemd

Vabø understrekar at FKRA si oppgåve som fôrleverandør og samvirkebedrift er å syta for å auka lønsemda for den enkelte bonde.

– Det er det ingen tvil om. Me må jobba konstant med å levera effektive kraftfôrslag. I det biletet er det ikkje lågast mogleg kraftfôrpris, men kvaliteten på fôret som tel mest for økonomien til kraftfôrkundane, understrekar han.

Råvarer og tilgangen på desse påverkar kraftfôrprisen. Norsk kraftfôrindustri sitt oppdrag er også å bruka det norske kornet.

– Etter kornsesongen 2018 var importdelen stor, medan sommaren 2019 gav gode kornavlingar her til lands. Det norske fôrkornet er dyrare enn importerte alternativ, og eit godt norsk kornår bidreg såleis til at kraftfôrprisen stig, forklarer Vabø.

Ansvarleg nivå

Kraftfôrproduksjonen speglar trenden ute hjå kundane. Fôr til drøvtyggarar er på veg ned. Totalmarknaden på gris synar også ein negativ trend. Kraftfôr til verpehøns er stabilt, medan slaktekyllingprodusentane for tida bestiller meir kraftfôr.

– Totalt sett er kraftfôrvolumet på veg ned, registrerer Vabø.

– Kan du spå om kva som vil skje med prisane på kraftfôr i 2020?

– Nei, men me skal gjera alt som står i vår makt for å halda prisen på kraftfôr på eit ansvarleg nivå.

Stikkord denne saka: ,