
Stress: Randi Hodnefjell og Ragnvald Gramstad frå Norsk Landbruksrådgiving Rogaland konstaterer at enga lid av kuldestress.
Om ikkje varmen snart slår inn, melder NLR at det truleg blir lite førsteslått før etter pinse.
Sjur Håland
Ragnvald Gramstad held opp ein spinkel kvast med kaldstressa timotei. Fargen på blada går over frå grønt til lilla ut mot tuppane.
– Våren har vore kald, noko graskjelvene ber preg av. Men nokre varme dagar framover vil retta opp att mykje, seier han.
Randi Hodnefjell og Ragnvald Gramstad frå Norsk Landbruksrådgiving veit at gloheit kaffi i brune pappkrus saman med ein søt kjeks i handa gir energi til kroppar som har blitt utsett for nokre veker med kald nordavind.
– Påfyll, spør dei, og går rundt i gruppa med dryge termosar til dei som har møtt opp i det asfalterte tunet på grasmarkvandringa på Særheim.
Allereie digital abonnent?
Logg inn her
Sjå veiledning for korleis du bytar passord.
Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss ein epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer
eller kontakt oss på telefon 51 88 72 61.






