BN+Bilde av Leif Harbo som holder en plate. Oppå platen ligger det grovfôr (silogress).

Fôrtap: Leif Harbo oppmodar sine kollegar til å ta omsyn til tørrstofftapet i reknestykket når hausteline og konserveringsmetode blir planlagt.


Opp mot tjue prosent av tørrstoffet forsvinn i plansilo, medan tilsvarande tal for rundballar er null til to prosent, seier Leif Harbo, og refererer til svenske forsøk.


Sjur Håland


Bonden frå Fjogstad i Klepp meiner at dette tapet må takast med i vurderingar kring val av hausteteknikk, både med tanke på økonomi og bærekraft.


– Kanskje fleire heller burde gått over til rundballar, spør han.

For mykje synsing

Rundballar står slett ikkje tilbake for plansilo som ei god løysing for økonomisk, effektiv og miljøvenleg grovfôrhandtering, meiner Harbo. Jærbonden driv med mjølk og ammeku. I tillegg har han drive maskinstasjon i 18 år.
For mange avgjersler er basert på synsing utan kunnskap i botn, meiner han, og siktar til investeringar i utstyr og bygningar til grashausting og -lagring. Harbo fyrer laus og meiner det går ei plansilo-vekking over landet.


– Bønder, Innovasjon Norge, seljarar og kanskje også rettleiarar vendar seg mot plansilo som det einaste rette alternativet, medan eg nærast opplever ei slags lynsjestemning mot oss som lagrar fôret i rundballar.

VIL DU LESE DENNE OG ANDRE ARTIKLAR PÅ NETT?

KJØP DIGITALT ABONNEMENT, ELLER PRØV EI VEKE GRATIS

Abonnementet gir deg tilgang til alle Bondevennen sine artiklar på nett.

Allereie digital abonnent? Logg inn her

På grunn av endring i abonnementssystemet 25.10.23 må alle abonnenter sette nytt passord for å lese låste artikler på nettsiden. Vi beklager bryderiet.
Se veiledning for å bytte passord her.

Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss en epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer. 

Har du spørsmål angående abonnement?

Kontakt oss på telefon 51 88 72 61 eller send ein e-post til
post@bondevennen.no.

Stikkord denne saka: