BN+

Fare for færre rundballar: Der rundballane ligg strødd, har grunneigar andre planar. Jordet på Eg som bonde Magne Thorvald Bakken kjempar for er 16 dekar. Seks dekar matjord vil gå dersom planane om eit barnehospice blir realisert (markert med gult). Til høgre for markeringa er eit jorde på kring åtte dekar. I området med blå markering blir det bygd ein ny sjukehusavdeling. Dette området er over 20 dekar, og vart omregulert i 2016. Foto: Blom Norway


Magne Thorvald Bakken er siste mjølkebonde i Kristiansand. No kjempar han for at bystyret ikkje skal bygge ned matjorda på Eg.


Jane Brit Sande


Magne Thorvald Bakken er bonde i Vågsbygd i Kristiansand. Fram til kommunesamanslåinga i fjor, var han dei einaste i kommunen som kunne titulere seg mjølkebonde.
No kjempar Bakken ein kamp for å verna det største jordstykket han har. Jordet på Eg, rett ved Sørlandet sykehus, er 16 dekar. Kommunen sitt eige næringsselskap, KNAS, som er grunneigar på Eg, vil at eit privat barnehospice skal byggast her. Feltet som er aktuelt for nedbygging er på seks dekar. Ein tredjedel av dette går med til første trinn av desse byggeplanane. Vedtaket skal stemmast over i bystyret 24. mars.


– Dette handlar ikkje om eit barnehospice i Kristiansand skal realiserast eller ikkje. Vår kamp handlar om å overtyda politikarane om å bygga det ein annan stad enn på dyrka mark, understreker Bakken.


Han står ikkje aleine i motvinden. Med seg på laget har han noverande og tidlegare politikarar, bondelaget i Kristiansand, Agder Bondelag, og andre interesseorganisasjonar.

Frå matjord til sjukehus

Kampen om Eg går tilbake til slutten av 1970-talet, då sjukehuset vart bygd. Landbrukskreftene kjempa for å verna matjorda, men vann ikkje fram. I 2016 var ei sak om vidare utbygging på Eg oppe i bystyret. Av meir enn 50 representantar stemte berre 12 representantar mot vidare utbygging på heile området.

VIL DU LESE DENNE OG ANDRE ARTIKLAR PÅ NETT?

KJØP DIGITALT ABONNEMENT, ELLER PRØV EI VEKE GRATIS

Abonnementet gir deg tilgang til alle Bondevennen sine artiklar på nett.

Allereie digital abonnent? Logg inn her

På grunn av endring i abonnementssystemet 25.10.23 må alle abonnenter sette nytt passord for å lese låste artikler på nettsiden. Vi beklager bryderiet.
Se veiledning for å bytte passord her.

Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss en epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer. 

Har du spørsmål angående abonnement?

Kontakt oss på telefon 51 88 72 61 eller send ein e-post til
post@bondevennen.no.

Stikkord denne saka: