BN+

Storsatsing?: Potensial for biogassproduksjon er stort på Jæren, men ei storsatsing let ennå vente på seg. Foto: FKRA


Alt ligg til rette for å lukkast med biogass frå husdyrgjødsel på Jæren. Mykje gjødsel, korte avstandar og regionale aktørar innan energi og avfall. Så kvifor skjer det ingenting?


Liv Kristin Sola


– Var dette beine vegen hadde me gått den for lenge sidan, seier Jonas Skrettingland, ordførar i Hå kommune.


I lag med nabokommunane Klepp og Time, står Hå i spissen for eit prosjekt som skal sjå på moglegheiter for å etablere biogassproduksjon i regionen og korleis næringsstoff frå husdyrgjødsla kan handterast på ein betre måte. Kommunane vil redusere klimagassutslepp, samstundes som dei vil tilpasse seg ei varsla innstraming i gjødselregelverket. Både bønder og lokale politikarar i regionen fryktar ei innskjerping som kan føre til at husdyrtalet må reduserast kraftig.
Den uavklarte situasjonen er ei ekstra belastning for bønder med lite areal. Ikkje minst for dei som står framfor større investeringar, utan å vete kva som vert krav til spreieareal og korleis dei kan handtere eit eventuelt overskot av gjødsel.

Alt ligg til rette på Jæren

I rapporten «Biogass/biorestproduksjon som berekraftig gjødselhåndteringsstrategi på Jæren», som vart lagt fram i januar, konkluderer forskingsinstituttet Norce med at tilhøva ligg godt til rette for biogassproduksjon på Jæren. Regionen har rundt ti prosent av husdyrhaldet her til lands. Bruka ligg tett og store mengder husdyrgjødsel gir press på areala. Fordelen er korte avstandar og effektiv transport. I tillegg finst det allereie eksisterande infrastruktur for gass, delvis også for biogass i området. Og regionen har store solide aktørar på avfall, energi, gjenvinning og landbruk. Det gir Jæren svært gode føresetnadar for å lukkast med biogass, noko både Landbruks-og matminister Olaug Bollestad og forskarane i Norce har konkludert med. Norce-rapporten tilrår separering av husdyrgjødsla og transport av den tørre delen til eit eller fleire større felles biogassanlegg for husdyrgjødsel sentralt på Jæren.

Frir til alle gode krefter

I starten av februar inviterte Hå kommune til seminar for å diskutere Norcerapporten og vegen vidare for regionen. Ordførar Skrettingland kunne nøgd onstatere at både IVAR (vatn, avløp og renovasjon), energiselskapet Lyse, og bøndene sitt eige FKRA, var blant dei mange som takka ja til invitasjonen.

VIL DU LESE DENNE OG ANDRE ARTIKLAR PÅ NETT?

KJØP DIGITALT ABONNEMENT, ELLER PRØV EI VEKE GRATIS

Abonnementet gir deg tilgang til alle Bondevennen sine artiklar på nett.

Allereie digital abonnent? Logg inn her

På grunn av endring i abonnementssystemet 25.10.23 må alle abonnenter sette nytt passord for å lese låste artikler på nettsiden. Vi beklager bryderiet.
Se veiledning for å bytte passord her.

Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss en epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer. 

Har du spørsmål angående abonnement?

Kontakt oss på telefon 51 88 72 61 eller send ein e-post til
post@bondevennen.no.

Stikkord denne saka: