Gjødselsonar: Til venstre: Oversikt over mengde gjødsel frå storfe og gris for ulike delar av Jæren. Dette gir eit grunnlag for (til høgre) dimensjonering av biogassanlegg som kan supplera Bio Jæren AS på Grødeland - det einaste prosjektet som så langt har planavklart areal. Figuren er henta frå analysematerialet som Klepp kommune og Statsforvaltaren gjekk gjennom i eit dialogmøte om biogass 9. september. Den lilla sirkelen til høgre markert med 200 000 tonn, symboliserer Dalane Biogass sitt behov for husdyrgjødsel. Illustrasjon: «Kunnskapsgrunnlag biogass i Klepp. Status 3.oktober 2024», figur 37, s. 24.