BN+

Dyrare: Felleskjøpet Rogaland Agder sette første februar opp prisen på kraftfôr til slaktekylling og enkelte svinefôrblandingar med fem øre kiloen. Ny prisoppgang kan koma alt i februar/mars.


Enn så lenge har FKRA klart å unngå større auke i kraftfôrprisane. Men det er grunn til å vente at prisane vil stiga framover, særleg på energirike blandingar.


Sjur Håland


Prisane på kraftfôr frå Felleskjøpet Rogaland Agder (FKRA), som leverer fôr til om lag 20 prosent av husdyra her i landet, er i gjennomsnitt 20 øre høgare per kilo i månadsskiftet januar/februar 2022 enn dei var på same tidspunktet i fjor.


– Prisauken vil eg definere som beskjeden sett ut frå marknadssituasjonen. Me greier å halda prisane nede enn så lenge, seier Torgeir Erfjord, direktør landbruk i FKRA.


Etter oppjustering 29. desember og 15. januar på kring ti øre kiloen i snitt for alle kraftfôrblandingane, vart kraftfôrprisen frå 1. februar skrudd opp ytterlegare med fem øre kiloen for fôrblandingane til fjørfe og enkelte svinefôrblandingar.
Både råvareprisane og energiprisane er faktorar som påverkar prisen på kraftfôr. Auken i energikostnadar har så langt gitt eit påslag på kraftfôrprisen på 2,5 øre kiloen.

VIL DU LESE DENNE OG ANDRE ARTIKLAR PÅ NETT?

KJØP DIGITALT ABONNEMENT, ELLER PRØV EI VEKE GRATIS

Abonnementet gir deg tilgang til alle Bondevennen sine artiklar på nett.

Allereie digital abonnent? Logg inn her

På grunn av endring i abonnementssystemet 25.10.23 må alle abonnenter sette nytt passord for å lese låste artikler på nettsiden. Vi beklager bryderiet.
Se veiledning for å bytte passord her.

Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss en epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer. 

Har du spørsmål angående abonnement?

Kontakt oss på telefon 51 88 72 61 eller send ein e-post til
post@bondevennen.no.

Stikkord denne saka: