Bondevenner: Frå venstre: Mads Thuv (dagleg leiar), Øyvind Myrvoll (bonde, Beitegården Brennan), Jonas Raczkiewicz (med-gründer og programmerar til høyre) Foto: Mads Thuv
Kunden eit tastetrykk frå bonden
Éin god ide, to kompisar, og ein bonde som delte sine bekymringar og behov. Konseptet fekk namnet Vennskapsgård.
Hilde Elin Østerhus
Det heile starta med ein bonde og to kompisar, som vart kjende med kvarandre på REKO-ringen. Bonden trong ein stabil og helst større marknad for produkta sine.
Berekraftskompisen ynskte å handle kortreist mat produsert på berekraftig måte, gjerne levert på døra. Han ville hjelpe bonden å få større marknad, slik at fleire kunne handle både kortreist og berekraftig.
Programmeringskompisen ynskte det same, og sat på kompetansen til å lage nettside og det system som gjorde at planane kunne realiserast.
Slik vart den digitale plattforma til. I dag er Mads Thuv dagleg leiar. Øyvind Myrvoll er framleis bonde og driv Beitegården Brennan, medan Jonas Raczkiewicz er med-gründer og programmerar. Nettstaden dei har skapt koplar lokale matprodusentar og bønder direkte med nabolag, burettslag, arbeidsplassar og restaurantar. Dermed er avstanden mellom kunden og bonden redusert til fingertrykk.
I praksis
Bønder og gardsutsal legg inn sine produkt på nettsida til vennskapsgard.no. Kundar i små eller større grupper legg inn bestilling og vel ønska leveringspunkt, anten i sitt nærmiljø, eller i somme tilfelle, på arbeidsplassen. Så køyrer bonden eller ein av bøndene i gruppa som skal levere på den gitte adressa, varene ut på ønska dag. I mange tilfelle har ein fleire stopp same dagen, og får levert ut større vareparti per leveringsdag.
– Mange mindre produsentar opplever at det er ei stor utfordring å finne marknadsplassar kor det er enkelt å selje varene sine, samstundes som dei må balansere mange mindre salskanalar, seier Mads Thuv.
Han er dagleg leiar for vennskapsgard.no, og meiner folk flest for det meste er utsett for reklame som vil selje billig mat.
– Vanlege folk får lite informasjon om produksjonen bak maten, og kor viktig lokal matproduksjon er for klima, beredskap og natur. Me ønska å skape eit bindeledd som kunne møte behova til både produsenten og kunden, og ikkje minst naturen, seier han.
Thuv fortel at dei har fokus på samarbeid mellom produsentar, for å sikre ei stabil kundegruppe. Deira erfaring er at dersom kundane i eit burettslag skal kome til leikeplassen og hente matvarer to gonger i månaden, kan det vere greitt å få tilbod om varer frå fleire matgrupper.
– Når familien kan ta med seg heim både egg, kjøt, grønsaker og ost, er det større sjanse for at dei vil fortsetje, og kjenne på reell forenkling av mathandlinga. Naboar treffest, bonden fortel om produksjonen, band vert knyta, seier han.
Eit typisk nabolagsmiljø har om lag 15-20 kundar per levering.
– Viss nokon held liv i gruppa, fyrer opp grillen eller tek fram vaffeljernet ved levering, vil kundegruppa halde seg meir stabil, er Thuv si erfaring.
Frå jord til bord: Rett frå åkeren, slakteriet og hønsehuset, til kunden. Ein kan velje mellom varer, opplevingar og utleveringsstader for varer, på nettsida til vennskapsgard.no
Produsentgleder
Produsentar som sel varene sine gjennom Vennskapsgård sin plattform, kan nå fleire kundegrupper enn dei som alt finn vegen til REKO-ringen eller gardsbutikken. I dette systemet er kundane gjerne organisert i heile nabolag og arbeidsplassar, eller restaurantar og gardsbutikkar. Ein kan få levert produkta til desse utan andre mellomledd. Det gir auka sal med mindre innsats. Nokre bønder leverer varene sjølv, andre går saman i leveringslag som samarbeider om å få levert sine produkt til kundar.
Nye kundegrupper kan gje meir stabile inntekter og betra føreseielegheit for bonden.
Leveringar blir enkle å planlegge, når mange ulike kundegrupper kan legge inn bestillingane sine. I tillegg lovar vennskapsgard.no at ein kan få automatisert det kjedelege- slik at ein får frigjort tid til drift framfor kontor.
Bestillingar, lager, pakkelister, betalingar og rapportar vert automatisk handtert via nettsida.
– Det gir minimalt med administrasjonsarbeid for bonden. Me legg til rette for det tekniske, mens bonden kan og framleis bør drive kundepleie gjennom sine kanalar. Det viktigaste er at kunden skal bli betre kjend med bonden som lagar maten, seier Thuv.
Utvikling
Vennskapsgård har vore i drift i 1,5 år, og brukar no kunstig intelligens aktivt i utviklinga av tenesta. Gjennom tett dialog med produsentar og ulike kundeledd blir nye forbetringar dagleg implementert slik at tenesta heile tida kan bli betre. Dei fleste forbetringane kjem direkte frå tilbakemeldingar frå bønder, innkjøparar og andre kundar.
– Det er motiverande å jobba ilag og bygge noko betre for alle partar, fortel Mads Thuv.
Etter å ha kopla bønder og kundar i nabolag saman, såg dei raskt at den same tilknytinga kunne gjerast mellom bønder og arbeidsplassar.
Dagleg leiar opplyser at plattforma no spreier seg frå Trondheim til Nord-Norge, Stavanger, Østfold, Oslo og Bærum.
– Mange produsentar brukar no den same plattforma når dei sel maten i gardsbutikken, i nabolag og på arbeidsplassar, eller når dei leverer til kantiner og restaurantar, seier Thuv.
«Det gir minimalt med administrasjonsarbeid for bonden. Me legg til rette for det tekniske.»
Mads Thuv
Smittsamt kommunalt initiativ
I Bærum kommune samarbeider næringsavdelinga med landbruk, klima, kommunikasjon og folkehelse i eit tverrfagleg prosjekt om kortreist mat i Bærum. Fleire kantiner i kommunen brukar varer frå lokale bønder, dei tilsette handlar av dei same, og satsinga breier seg no til Norconsult og fleire store bedrifter i kommunen.
– Er dette ein normalkommune?
– Nei. Ingeborg Kraft i Bærum kommune er ei typisk eldsjel som får ting gjort. Ho har eit enormt samfunnsengasjement, ho brenn for jordhelse, klima, berekraft og beredskap. I kommunal sektor er ein avhengig av å treffe dedikerte tilsette, nokon som verkeleg brenn for berekraft og norsk matproduksjon og lokal tilhøyrsle. Vanlegvis er kommunane pressa på ressursar, då krevst det litt ekstra å få folk til å ta nye initiativ, det krev innsats og vilje, seier Thuv.
Han fortel vidare at dei av erfaring ser at det ikkje skal så mykje til, og no som Bærum kommune har gått føre vil det vere enkelt å kopiere. Måndag førre veke hadde han møte med ein kommune. Fredag same veka hadde kommunen kontakt med aktuelle bønder. Veka etter dette er leveransane i gang.
– Me har ein stor jobb framfor oss om me verkeleg skal vere med på å påverke matsystemet i litt større skala, seier Thuv, og legg til:
– Om nokon produsentar ynskjer å søke midlar for å få fart på samarbeid seg imellom for å nå ut til nye kundegrupper, så finst det også ein del støtte hjå Innovasjon Norge. Me kan gjerne bidra til å sparre litt rundt moglegheitene her for dei som er interesserte, avsluttar Thuv.
Nøgd bonde: Med strenge krav og tydelege tilbakemeldingar, har nettsida utvikla seg raskt og til bondens beste, er Gudbrand Qvale si erfaring. Han opplever sine behov møtt, og er svært nøgd med tenesta slik den er i dag. Han og kona driv Horgen gård på Nes i Romerike. Dei har 150 storfe, 1000 frilandshøns og utegris, samt grønsaksproduksjon. Garden er økologisk driven. Foto: Malin Longva
Gode erfaringar
– Kort oppsummert; me er grisehappy for denne løysinga.
Det er Gudbrand Qvale, bonde på Horgen gard, som summerer.
Horgen gard har lang erfaring med sal av varer via REKO-ring på austlandet, og har vore gjennom mang ei teneste som har prøvd å tene seg rike på bonden sitt behov for effektive salskanalar.
Det han likar best med vennskapsgard.no, er at dei er lydhøyre for bonden sine behov, effektive i justering av tenesta, og tek lite betalt for tenesta.
– Når eg som bonde kjem med innspel til korleis noko kan bli betre vert dette effektuert straks, det likar eg svært godt, det er ein svært påliteleg relasjon å ha. Opplegget må fungere, og det gjer det.
Heilt sidan oppstart av direktesal via REKO-ringen i 2016, har bøndene på Horgen gard styra med kundekontakt på Facebook og telefon, laga rekneark med oversikt og kodar for sine varer, og hatt mykje arbeid med oppfølging av betalingar. Kort sagt: veldig mykje mas. No er Gudbrand Qvale glad for at han raskt kan skaffe seg oversikt over nyttige kundedata.
– Løysinga hjå vennskapsgard.no reduserer tidsbruken betydeleg. Bestillingar, betaling og endåtil bokføringa inn til rekneskapsførar er på plass, og det til ein veldig låg kostnad. Det opplevast som ei veldig rettferdig ordning, seier Qvale.
Nye tilleggstenester er at ein også kan legge inn gardsbutikken sin i tenesta, samt gardsarrangement og andre salskanalar.
– Det opplevast som eit svært påliteleg opplegg og god relasjon, når dei opererer på denne måten. Det er eit verktøy bonden kan bruke når han ynskjer, utan krav om forplikting, seier Qvale.














