Januar 2021 er snart historie. Det same er årets fosterteljing i Rogaland. – Fosterteljing er viktig for å få oversikt slik at du kan legge ein god plan for lamminga, seier Jan Tore Brattebø.

 

Det er januar og tid for å kartlegge kor mange lam som er i vente til våren. – Fosterteljing er viktig for å få oversikt slik at du kan legge ein god plan for lamminga, seier Jan Tore Brattebø.

Liv Kristin Sola

Dei sju første vekene av året reiser Jan Tore Brattebø frå vest til aust for å telje lammefoster. Det har han gjort i nitten år.

– Eg har januar på meg til å bli ferdig i Rogaland. Deretter er eg ei lita veke i Agder og to til tre veker på austlandet, som har litt seinare paring, seier Brattebø.

Dagleg er han innom ti til tolv besetningar og lyser i snitt frå 1000 til 1100 sau per dag. 

– Du må nok ha eit blikk for å sjå fostera på skjermen. Enkelte meiner dei ser berre graut, seier fosterteljaren. – Og du  
må like sau, legg han til.

Brattebø og familien leiger to mindre bruk i Bjerkreim, sør i Rogaland, og har 140 vinterfôra sau. Han driv med gjetarhund, både som jobb, fritid og konkurranse, og har nokre lastebiloppdrag frå mai til desember.

Auge for foster: Eit trent auge ser tal foster på få sekund. Andre ser berre nyansar av grått på skjermen. 

Planlegg lamminga

Det har lenge vore vanleg å gruppere sauene og fôre dei etter tal på foster. Ifølgje Brattebø er det no meir vanleg å gruppere og fôre etter hald på søyene. Likevel er det nyttig å vete kor mange lam søyene ventar når du skal førebu deg til lammingssesongen.

– Du kan få vekk dei tomme og planlegge for å venne lam under dei einstaka. I tillegg er det viktig å ta ekstra godt vare på søyer med mange foster. Sikre god plass og mjukt underlag og sørge for at dei ikkje må slåst om maten, seier Brattebø.

Når du veit kor mange lam du får, veit du også omtrent kor mange merke du treng.

Før lysing

Eit godt tidspunkt for lysing er når søyene er mellom tretti og nitti dagar drektige.

– Det heilt optimale tidspunktet er etter mi meining 75 dagar etter at du slapp vêren, seier Brattebø.

For at resultatet av lysinga skal vere mest mogleg korrekt er det viktig at søyene er tomme i vomma. Dei skal ikkje ha mat dei siste tolv timane før lysing. Litt lenger om dei går med fôrhekk.

– Då blir det svært lite bom, seier Brattebø.

Det er viktig at bonden har samla sauene sine og har ein god flyt slik at det ikkje stoppar opp. Brattebø åtvarar likevel mot å samle for mange dyr på liten plass.

– Sauene treng ikkje stå trongt lenger enn nødvendig. I verste fall kan også golvet gi etter om det blir for tungt, seier Brattebø.

Du kan få vekk dei tomme og planlegge
for å venne lam under dei einstaka.
I tillegg er det viktig å ta ekstra godt vare
på søyer med mange foster.

Jan Tore Brattebø

Flyt i flokken: Fosterteljaren skal alltid ha sau klar, men Brattebø oppmodar til ikkje å samle for mange om gongen. – Det toler verken sauen eller golvet, seier han.

Stikkord denne saka: ,