BN+

Sandnes Andelslandbruk: Toril Østraat og Jone Hauken deler grønsakshagen med kring 115 andelshavarar. Her er dei framføre det første feltet dei tok i bruk til grønsaker.


I strålande sommarvêr helste Toril Østraat og Jone Hauken grønsaksdyrkarar velkomne til markdag for småskala grønsaksproduksjon.


Jane Brit Sande


Østraat og Hauken driv Sandnes Andelslandbruk på Vatneli i Sandnes. NLR Rogaland var arrangør av markdagen.


– Før me starta andelslandbruket i 2015, hadde det ikkje vore grønsaksproduksjon på garden sidan 1980-talet, seier Østraat.


Alle grønsaksjordene er grøfta på nytt. Dei starta med 60 andelshavarar og grønsaker på fem mål. No er arealet dobla, og talet på andelshavarar er kring 115.


– Me reknar maks 20 andelar på målet, seier Østraat.

Vekstskifte

Hans Gaffke, rådgivar økologisk i NLR Øst, var med på kurs i marknadshage på Jæren i 2020. Han var kome til Sandnes Andelslandbruk for å følgja opp kurset med markvandring med tema økologisk dyrking av grønsaker i småskala. Markvandringa starta med det grønsaksfeltet som vart etablert først.

VIL DU LESE DENNE OG ANDRE ARTIKLAR PÅ NETT?

Bondevennen kampanje

Kjøp abonnement her

Allereie digital abonnent?
Logg inn her

Sjå veiledning for korleis du bytar passord.

Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss ein epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer
eller kontakt oss på telefon 51 88 72 61.

Stikkord denne saka: , ,