Velfortent heider: Silje og Alf Magne Haarr på veg til Oslo for å ta imot Sølvtina. Beviset for at dei har produsert topp mjølk til Tine kvar einaste dag i femten år. Foto: Privat.

I femten strake år har dei levert elitemjølk til Tine. No får dei Sølvtina, og ein tur til Oslo med festmiddag i lag med godt hundre andre mottakarar av Sølvtina og Mjølkespannet.

Liv Kristin Sola

Rett før trykketid måndag føremiddag får Bondevennen tak i Silje og Alf Magne Haarr som er i bilen på veg mot flyplassen. I siste liten sjølvsagt, for det er alltid noko som berre må gjerast før ein bonde kan reise frå. Mjølkebøndene frå Haarr på Jæren er på veg til Oslo og Lillestrøm. Silje og Alf Magne er to av 111 Tineeigarar som skal motta Sølvtina etter å ha levert elitemjølk samanhengande i 15 år.

– Mest av alt kjenner me på stoltheit, seier Silje.

15 år med elitemjølk

Litt flaks, men aller mest hardt arbeid og gode rutinar er oppskrifta.

– Og avløysarar som me kan stole på, seier Alf Magne.

Dei innrømmer at det var stressande dei siste månadane det siste året.

– Me trur me har kontroll, men plutseleg kan det koma ein høg prøve. Då må me begynna og nøsta i kor problemet ligg, seier Alf Magne.

Dei bur nær Tine sitt anlegg på Jæren og kan køyra innom med ein prøve frå tank eller ei ku, om dei er usikre.

– Me får svar i løpet av få timar. Det er ein kjempeservice, skryt Silje.

I båsfjøset følgde dei nøye med på celletal og bakteriar. Ein bakteriesmell er alltid å frykta. No held dei også eit godt auge med frysepunkt og frie feittsyrer.

– Kyrne får litt hyppigare tilgang til roboten i beitesesongen. Det kan få utslag på feittsyrene dersom det blir for hyppig mjølking, seier Alf Magne.

Velfortent festmiddag

Endeleg: Mandag kveld fekk Silje og Alf Magne endeleg motta Sølvtina under festmiddagen på Lillestrøm. Foto:Tine.

No gler dei seg til to dagar fri i Oslo. Først med føredrag om marknadssituasjonen og Tine sin strategiplan. Så festmiddag og utdeling både av Sølvtine og Mjølkespann.

– Så er det heim og løfte blikket mot neste mål – Mjølkespannet?

– Satsar knallhardt på det, seier Silje, og ler godt.

– Og så gir me oss, seier Alf Magne.

For om ti år er eldstemann 26. Då skal han få sleppe til, om han vil.

Stikkord denne saka: , , ,