BN+

Blått og grønt på lag: Det nye kjempeprosjektet i regi av NIBIO Særheim skal finne bærekraftige løysingar for betre handteringa av dei store mengdene næringsstoff frå jordbruket og havbruket.
Illustrasjonsfoto: Bondevennen/Istock


Rogaland er meir enn velsigna med husdyrgjødsel, fiskeslam og matavfall. Med 16 millionar i prosjektpotten skal NIBIO Særheim saman med partnarar no finne måtar å resirkulere næringsstoffa på, for så å sende overskotet ut av fylket.


Bothild Å .Nordsletten


For mykje av det gode kan vera vedunderleg, men ikkje i tilfelle der eit fylke nesten renn over av næringsstoff frå jordbruk, havbruk og matavfall, slik som i Rogaland.
NIBIO Særheim på Jæren har bestemt seg for å gjera noko med overfloda. Med prosjektet MAFIGOLD* (Husdyrgjødsel og fiskeslam, frå problem til bondens gull) ynskjer dei å retta opp i den geografiske ubalansen i fordelinga av nitrogen, fosfor og kalium. Planen er å legga til rette for eksport av ulike gjødselprodukt frå både fylket og landet. Saman med seg på laget har NIBIO Felleskjøpet Rogaland Agder, Jæren Biogass AS, det interkommunale vass-, avlaups- og renovasjonsselskapet IVAR, Fister Smolt AS, Tine og fleire andre private, offentlege og internasjonale partarar.

Stor julegåve

Like før jul fekk stasjonsleiar på Særheim, Arne Sæbø, svar på søknaden til Landbruksdirektoratet: 12 millionar og grønt lys til å gå i gang. Pluss fire millionar, arbeidskraft og utstyr i bidrag frå samarbeidspartnarane, har prosjektet til saman 16 millionar og tre år på seg, frå oppstartsdato 1. mars.

VIL DU LESE DENNE OG ANDRE ARTIKLAR PÅ NETT?

KJØP DIGITALT ABONNEMENT, ELLER PRØV EI VEKE GRATIS

Abonnementet gir deg tilgang til alle Bondevennen sine artiklar på nett.

Allereie digital abonnent? Logg inn her

På grunn av endring i abonnementssystemet 25.10.23 må alle abonnenter sette nytt passord for å lese låste artikler på nettsiden. Vi beklager bryderiet.
Se veiledning for å bytte passord her.

Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss en epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer. 

Har du spørsmål angående abonnement?

Kontakt oss på telefon 51 88 72 61 eller send ein e-post til
post@bondevennen.no.

Stikkord denne saka: ,