• Gjensidig begeistring.

 

Kalvemønstring, eksteriørbedømming, traktorkøyring og ikkje minst god mat frå grillen og den gode drøsen.

Liv Kristin Sola

Det mangla ikkje på aktivitetstilbod då Jæren Young Cowboys inviterte til mønstringskveld. Familien Pollestad stilde garden og dyra til disposisjon, på Nærbø på Jæren.

– Me håper å motivera folk til å mønstra kalv og ku på Jærmessa i slutten av august, seier Lene Iren Rangen, styremedlem i Jæren Young Cowboys.

God stemning. Aktivitetar for alle. Ingen kø. Gratis mat frå Nortura, ferdig servert frå grillen. Jæren Young Cowboys inviterte til open gard og mønstringskveld, fredag 20. mai. Det var fri flyt av trøtraktorar på fôrbrettet, kyr som gjerne ville helsa på, mønstring både av ku og kalv, konkurranse i eksteriørbedømming av to kyr.

– Mønstringskvelden er eit årleg arrangement som me i Jæren Young Cowboys inviterer til i lag med vertsbonden. Målet er å motivera både barn og vaksne til å mønstra ku og kalv på Jærmessa som er siste helga i august, seier Lene Iren Rangen.

Familien Pollestad, Ester og Asgeir, Serina, Aslak og Pauline opna fjøset, kosta fôrbrettet og rydda plass under halvtaket for å gjera sitt for at kvelden skulle vera triveleg for alle som kom.

 

 

Stikkord denne saka: , ,