Grønt grunnlag: Spør deg sjølv – kva er målet for drifta mi? Svaret dannar grunnlag for kva fôrplan du bør setja opp, seier fôringsrådgjevar i Tine, Kari Marie Njåstad. Foto: Sjur Håland

Ein god fôrplan er ei god investering i framtidskua, meiner Kari Marie Njåstad i Tine. – Med rett fôring kan ein gjennomsnitts vestlandsbonde spare 50.000 kroner i året, seier rådgivaren.

Anne Rivenes, frilansjournalist

Meir energi i grovfôret gjev mindre behov for ytingsfremjande kraftfôr. Men fôrkvaliteten kan variera mykje innan same distrikt, og også frå år til år på same gard. Difor er det absolutt pengar i å ta ut fôrprøve og vita kva ein fôrar med, meiner Kari Marie Njåstad.
På digital bondekveld i regi av NLR Vest, viste ho eit enkelt reknestykke. Tala var basert på analysar av førsteslåtten på Voss i 2019 samanlikna med førsteslåtten i 2020. Ein fôrplan viser at den forbetra kvaliteten på årets grovfôr svarer til at ein kan spare 1,6 kilo kraftfôr per ku per dag.
Ein gjennomsnitts mjølkebonde på Voss, med 23 årskyr og ein laktasjon på 305 dagar, kan spare 50.000 kroner i året.

Samanheng mellom hold og helse

– Ja, det er mykje pengar i godt grovfôr, seier Njåstad.

Ho understrekar at når ein veit kva fôret inneheld, kan ein planlegge fôringa betre frå starten av sesongen. Det er vanskeleg å regulere kraftfôret seint i laktasjonen, og feite kyr har redusert fôropptak etter kalving.

Kari Marie Njåstad, fôringsrådgjevar i Tine
Foto: Tine

– Det er stor samanheng mellom hald, fruktbarheit og helse. Å lage ein god fôrplan i år, er difor ei god investering i framtidskua, meiner Tine-rådgjevaren.

For det er ikkje lett å vurdere sjølv, berre ved å sjå på fôret, kor mykje energi kua sit att med.

Kva er målet?

Kvar bonde bør spørje seg, kva er målet mitt? Er det å mjølka på meir grovfôr, få mest mogeleg mjølk, fylle kvoten, ha ein rimeleg fôrrasjon eller redusere mengde innkjøpt fôr? Svaret på dette vil vere med å danne grunnlag for fôrplanen. Godt grovfôr med god gjæringskvalitet og høg del fordøyeleg fiber legg til rette for høgare feittprosent i mjølka. Det kan svare seg, for det er ni øre i tillegg per 0,1 prosent feitt.

– Eit godt grovfôr legg til rette for ein innefôringssesong med ein lågare kraftfôrprosent og høgare feittprosent, seier Njåstad.

Ver obs på nitratinnhaldet

– Me ser stor variasjon i nitratinnhald, så det er også ein grunn til å ta fôrprøvar. Høgt nitratinnhald kan gje nitratforgifting, noko ein må vere obs på. Nitrat tek plassen til oksygen i blodet og kan føre til akutt forgifting. Symptom på nitratforgifting er pustevanskar, misfarga slimhinner, slappe dyr, sjangling, abort og død. Abort kan også vere einaste symptom, seier Njåstad.

Ho understrekar at ein må vera varsame med fôr med høgt nitratnivå også til sinkyr og drektige kviger.

Stikkord denne saka: ,