
Kvekeskatt: Grunneigar Torleif Hodne synar enga der små kvekeroser på eit satellittbilete fekk to hobbyarkeologar til å registrera funn.
Torleif Hodne fekk ein hyggeleg SMS frå to hobbyarkeologar som hadde gjort funn i enga hans. Dei ville grava, bonden sa nei.
Sjur Håland
Dei to unge kvinnene skreiv at dei hadde funne teikn på at det kunne liggja eitt og anna av interesse under jorda og lurte på om dei kunne få koma ut på landbrukseigedommen hans på Hodne i Klepp og grava. Først trudde han at det hadde vore folk med drone som hadde kartlagd eigedommen hans.
– Då dukka spørsmålet opp om det i det heile er lov å observera annan person sin eigedom med drone. Her kan det fort også bli snakk om å krenka privatlivets fred i tillegg, seier Hodne.
Oppmuntra av artikkel
I dialog med dei to kom det fram at dei to unge kvinnene hadde blitt inspirert gjennom ein artikkel på forsking.no, ei nyheitsside på nett, eigd av ei foreining der 77 norske forskingsinstitusjonar er medlemmar.
Allereie digital abonnent?
Logg inn her
Sjå veiledning for korleis du bytar passord.
Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss ein epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer
eller kontakt oss på telefon 51 88 72 61.






