På lager: Store mengder storfeslakt. Foto: Bondevennen

Sal av heile storfeslakt til grossist er redusert til rundt ein tredjedel av normalen. No hopar det seg opp med storfeslakt på lager. Det får konsekvensar langt ned i bingane i fjøset.

Liv Kristin Sola

Når bonden melder inn slakt på fire vekers avtale, betyr det eit slingringsmonn frå to til seks veker. Ein slik avtale gir eit pristillegg på kroner 2,50 per kilo. Situasjonen no tyder på at Nortura må skyve slaktedato ut over avtaleperioden, noko som ikkje har vore vanleg i Rogaland.
Å skyve på slaktedato betyr å skyve slaktetidspunktet ut over avtaleperioden. Det gir ein auka kostnad for slakteriet.

– Å «lagre» storfe i fjøset er den beste løysinga for næringa samla sett, men det kan bety utfordringar for den enkelte bonde, seier Bengt Egil Elve i Nortura.

Han minner om at oksar og fôringskviger som vert ståande ei veke eller to lenger på fjøset, framleis er i vekst. Berekningar han har gjort viser at tilveksten på oksar og fôringskviger i dei fleste tilfelle er høgare enn fôrkostnadane for same periode. Utfordringa for mange er likevel plassen i fjøset.

Omsetting av fôringskalv

Ei vel så stor utfordring meiner Elve det blir når enkeltkyr som av ulike årsaker skulle vore slakta blir gåande att i fjøset. Men den største konsekvensen trur han me vil sjå på omsettinga av fôringskalv.

– Bønder som kjøper inn kalv er avhengig av rullering i fjøset. Dei kan ikkje kjøpe inn ny kalv før dei har slakta ut. Det betyr at det kan stoppe opp med omsetting av fôringskalv, seier Elve.

Ein fôringskalv har som regel ei avvenningsvekt på 250 til 300 kilo. No ber Nortura bøndene som ikkje får selt livkalv om å ha dei så lenge som mogleg og fôre dei så godt dei kan. Og selje dei til slakt dersom det ikkje vert mogleg å få selt dei til liv.

Får utvida volum på lager

Nortura har søkt om utvida volum på fryselager. Saka vart diskutert i omsettingsrådet torsdag i førre veke kor det vart gitt grønt lys for å auke til volumet 6000 tonn. Det seier Ole Nicolai Skulberg, direktør i Totalmarked, til Bondevennen.

– Hovudårsaka til behov for auka innfrysing er at aktørane som kjøper mykje heile slakt av storfe no om hausten, har redusert sine bestillingar, seier Skulberg.

Han trur høge kostnadar knytt til straum og kapitalkostnadar gjer at mange aktørar vel å tære på eigne lager framfor å bygge lager no om hausten. I tillegg er mykje usikkert knytt til sal i 2023. Mykje tyder på at det vart importert litt meir storfekjøt enn nødvendig sommaren 2022.  

Stikkord denne saka: ,