Ein elektronisk lesar, ny versjon av sauekontrollen i fjor og ein ny app tilgjengeleg i år. Simen Høyland har verktøyet som skal til for å få til eit godt resultat i sauefjøset.
Liv Kristin Sola
Simen Høyland (21), arbeider fulltid som bonde heime på garden i lag med forelda Aina og Brigt Åge Høyland. Familien har både ku, gris og sau på garden på Lende i Time kommune, på Jæren.
I 2010 flytta dei 200 søyer inn i nytt sauehus. Dei slaktar 230-240 lam i året. Simen nyttar sauekontrollen til å ha oversikt over besetninga. I kontrollen kan han laga dei listene han treng til ulike arbeidsoppgåver.
– Eg har den informasjonen eg treng i sauekontrollen. Spesielt til avlsarbeidet er programmet eit nytting verktøy, seier Simen.
Dei inseminerer rundt 50 søyer. Då er det viktig å ha informasjon om avlsverdig og eigne merknadar samla på ein plass.
– No er det slutt på lappar som flyt rundt omkring, og som aldri er å finna når ein treng dei. Bare det er eit stort framskritt, seier Simen, og smiler nøgd.
Les meir om Simen Høyland og sauekontrollen i Bondevennen nr 6.
Stikkord denne saka: Drift og logistikk, Sau