BN+

Beite: Frøylandsfeltet er det største av områda på Kvernaland som kan bli bygd ned av datasenter. Det er eit stort område med dyrka mark, gjødsla beite, naturbeitemark, beitemyr og kystlynghei. Her er ein flokk jerseykyr på beite og nyt vårsola. Foto: Bjørn Lende


Høyringsfristen i saka om mogleg bygging av datasenter på Jæren, nærmar seg. Rogaland Bondelag rår «på det sterkaste» frå å gå vidare med planane.


Jane Brit Sande


Saka om mogleg etablering av datasenter på Kalberg i jærkommunen Time, har fått stor nasjonal merksemd. Nyleg var det sak i både Nationen og Laurdagsrevyen på NRK om mjølkebonden Anne Frøyland Grødem som takka nei til 150 millionar kroner i opsjonsavtale.


– Eg seier nei til å selja jorda mi fordi eg vil halda fram med å vere bonde, sa ho til NRK.


I midten av desember sende Time kommune saka ut på høyring, med frist 14. februar. Rogaland Bondelag har skrive eit svar der dei «på det sterkaste» rår frå å gå vidare med utbyggingsplanane.


– Denne saka er viktig fordi det er snakk om veldig store areal, både i lokal og nasjonal målestokk. Planane overskrider alle jordvernmål, seier Marit Epletveit, leiar i Rogaland Bondelag til Bondevennen.

VIL DU LESE DENNE OG ANDRE ARTIKLAR PÅ NETT?

Kjøp abonnement her

Allereie digital abonnent?
Logg inn her

Sjå veiledning for korleis du bytar passord.

Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss ein epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer
eller kontakt oss på telefon 51 88 72 61.

Stikkord denne saka: