BN+

Samarbeid: Bonde Arnstein Njærheim var ikkje i tvil om kva han skulle svare då Karin Hansen Nærland, på vegne av Hå kommune, spurte om han kunne la kommunen plante tre langs Håelva. Njærheim har stilt to strekk, på høvesvis 150 og 90 meter, disponible til plantinga.


Håelva er eit ynda vassdrag for laks og elvemusling. Men mange år med flaum, erosjon og jordbruksdrift har prega tilstanden og dyrelivet i elva. No blir det planta tre, med von om betring.


Jane Brit Sande


Arbeidet med å betra miljøet i Håelva, og gjere den betre rusta mot flaum og erosjon, held fram. No blir det planta svartor og selje, kring 100 av kvar sort, langs elva hjå Arnstein Njærheim på Nærbø i Hå kommune. Han har stilt to strekk, på høvesvis 150 og 90 meter, disponible til plantinga.


– Eg syntest det høyrdest spanande ut, så det var ikkje vanskeleg å seie ja då kommunen spurte, seier bonden.


Hå kommune har gåande eit tre-årig prosjekt med tiltak i Håelva. I løpet av dei kommande åra skal kommunen ha ein gjennomgang av alle vassdrag i kommunen. Håelva er prioritert på grunn av stort behov for forbetring av den økologiske tilstanden. Vassdraget, som er eit nasjonalt laksevassdrag, og også heim for den freda elvemuslingen, er verna. Arbeidet skal ferdigstillast i løpet av året.
Prosjektet blir finansiert av SMILmidlar og midlar frå Fylkeskommunen, Miljødirektoratet, Norges Vassdrags– og Energidirektorat, og Hå og Time kommunar.

Ikkje til hinder for jordarbeid

Kommunen har fått lov å planta tre langs nedre halvdel av skråninga mot elva – eit krav stilt av grunneigaren.

VIL DU LESE DENNE OG ANDRE ARTIKLAR PÅ NETT?

KJØP DIGITALT ABONNEMENT, ELLER PRØV EI VEKE GRATIS

Abonnementet gir deg tilgang til alle Bondevennen sine artiklar på nett.

Allereie digital abonnent? Logg inn her

På grunn av endring i abonnementssystemet 25.10.23 må alle abonnenter sette nytt passord for å lese låste artikler på nettsiden. Vi beklager bryderiet.
Se veiledning for å bytte passord her.

Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss en epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer. 

Har du spørsmål angående abonnement?

Kontakt oss på telefon 51 88 72 61 eller send ein e-post til
post@bondevennen.no.

Stikkord denne saka: