BN+

Spreieareal: Ny gjødselvareføreskrift kan vera på trappene om kort tid. Om regjeringa legg seg på Miljødirektoratet sitt tilrådde maksnivå på 2,4 kilo fosfor per dekar, vil det få konsekvensar for 5000 gardsbruk. 1500 av desse ligg i Rogaland. Foto: Thea Hjertuslot.


Eit høyringsutkast til revidert gjødselvareføreskrift med forslag om kraftig innstraming i spreiearealkrava kan vera rett rundt hjørnet. – Det er uaktuelt å flytte husdyra i Rogaland ut av fylket, seier assisterande landbruksdirektør hjå Statsforvaltaren.


Sjur Håland


Førre veke vart det stukke hol på den største verkebyllen i det norske landbruket på mange tiår. Revisjonen av gjødselvareføreskrifta er rett rundt hjørnet, i følgje informasjon styreleiar i Felleskjøpet Rogaland Agder, Sveinung Svebestad, har fått tilgang til.


– Å senda ei høyring ut nå heilt på tampen av regjeringsperioden er temmeleg spesielt, for å seia det mildt, seier Svebestad.

Nær Miljødirektoratet

Høyringsutkastet skal, i følgje Svebestad, ha lege klar i departementet sidan i sommar. Landbruks- og matdepartementet vil ikkje tidfesta kva tid høyringsutkastet blir sendt ut. Til Bondevennen stadfestar departementet likevel at arbeidet med høyringsutkastet er i gang. Meir vil dei ikkje seia.
Opplysningar Svebestad er kjent med, tydar på at departementet i sitt utkast legg seg nærare det nivået Miljødirektoratet har tilrådd enn kva Landbruksdirektoratet gjekk inn for. Det kan bety at bøndene i verste fall ikkje får tilføre jorda meir enn 2,1 kilo fosfor per dekar mot dagens nivå, 3,5 kilo. 2,1 kilo samsvarar med 7,1 dekar per gjødseldyreining, GDE. Legg vi det meir moderate Miljødirektorat- anslaget til grunn, 2,4 kilo fosfor per dekar, betyr det 6,4 dekar per GDE, mot dagens 4 dekar.

VIL DU LESE DENNE OG ANDRE ARTIKLAR PÅ NETT?

KJØP DIGITALT ABONNEMENT, ELLER PRØV EI VEKE GRATIS

Abonnementet gir deg tilgang til alle Bondevennen sine artiklar på nett.

Allereie digital abonnent? Logg inn her

På grunn av endring i abonnementssystemet 25.10.23 må alle abonnenter sette nytt passord for å lese låste artikler på nettsiden. Vi beklager bryderiet.
Se veiledning for å bytte passord her.

Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss en epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer. 

Har du spørsmål angående abonnement?

Kontakt oss på telefon 51 88 72 61 eller send ein e-post til
post@bondevennen.no.

Stikkord denne saka: