
Med flis på menyen: Egil Prestløkken og Odd Magne Harstad gir flis som ein del av fôrrasjonen til fire mjølkekyr ved NMBU på Ås. Om kyrne vil ete, skal forskarane prøve kor mykje dei kan gi før dei får negative utslag på vommiljø, drøvtygging og mjølkeyting. Foto: Janne Brodin, NMBU
Kan sagflis erstatte delar av grovfôret til norske mjølkekyr? Akkurat det vert i desse dagar testa ut hjå NMBU på Ås.
Liv Kristin Sola
Har du lagt merke til at somme dyr tygger i seg sagflis etter at du har flidd og strødd? Om dei gjer det fordi dei likar smaken, eller om det er slik at dei har behov for meir fiber, er uvisst.
Professor Odd Magne Harstad og førsteamanuensis Egil Prestløkken ved NMBU på Ås, har i desse dagar starta ei utprøving med sagflis som erstatning for delar av grovfôrrasjonen til mjølkeku. Bakgrunn er årets vekstsesong med reduserte grovfôravlingar og svikt i kornavlingane på grunn av ekstrem tørke og høge temperaturar.
Allereie digital abonnent?
Logg inn her
Sjå veiledning for korleis du bytar passord.
Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss ein epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer
eller kontakt oss på telefon 51 88 72 61.









