Cola, besøk av barnebarna, eller kanskje eit bad? Les om korleis Bondevennen sine lesarar held motet oppe gjennom denne krevjande sommaren.
Ragnhild Stokka Dyngeland
bonde på Lye i Time kommune, Jæren, Rogaland
– Etter å ha gjort unna fjøsstellet på ein av dei verkeleg glovarme dagane i sommar, tok eg meg ein god, svalande dusj. Etterpå la eg meg på senga med chips, cola, smågodt og ei god bok. Slikt gir helsebot. Det handlar om å vera grei med seg sjølv og unna seg litt ekstra luksus.
Harald Egeland
jordbær-, morell-, potet- og mjølkebonde på Øyesletta, Agder
– Eg tenkjer positivt. At det alltid er ei løysing på alt. Ikkje miss motet. Ei eller anna gong kjem regnet! Det å halda på med bæra gjer meg glad. At den nyopna gardsbutikken vår går godt, bidreg også til å halda motet oppe.
Odd Harald Reve
produserer mjølk og kjøt på Lista, Agder
– Å få besøk av barnebarn, det gir meg overskot! Når eg ser den nye generasjonen, som ikkje kjenner frustrasjonen som me kjenner. Å høyre dei ropa «Moffar flytte vanningsanlegg!», det er småting som gir meg glede!
Erik Dahl
bonde i Bamble kommune, Telemark
– Me gjer det me kan for å leve så normalt som mogleg. Været får me ikkje gjort noko med, og då kan me like godt kose oss og nyte varmen. Me har eit vatn like ved garden, der me badar om kvelden. Me tar gjerne også med oss kveldsmaten dit. Eg og kona har snakka om at me framover må hugse at pengane skal rekke litt lenger etter denne sommaren.
Elin Berge
driv med mjølk og sau, Lyngdal, Agder
– Eg tek ein tur ut i lag med veninner – for å snakke om heilt andre ting enn gardsdrift.
Liv Vasland
mjølkebonde, Byremo, Agder
– Eg set meg på terrassen, gjerne med ein is. Då kan eg kople av og nyta at det faktisk er ein fin sommar.
Veronica Bryggeså
bonde på Bjærum gard, Hægebostad, Agder
– Det me gjer skal vera lystbetont. Og det me gjer heime, i familien, er viktig. Me har til dømes ein badekulp, der me badar med ungane, som er 11, 14 og 16. Me må legga til rette for å trivast. Eg har kjøpt for mange hundre i cola til slåttetida. Då fyller eg ein stor balje med kaldt vatten, legg brusen oppi, så er det fri flyt for slåttefolka. Små ting som gir samhald er viktig.
Gaute Urdal
driv med ku, gris og sau på Indre Evja i Hauge i Dalane, Rogaland
– Passe mengder arbeid er den beste terapien, til og med betre enn ferie. Nett no sviv gravemaskinen i eit nydyrkingsfelt. Me har alltid nokre prosjekt på garden. Å kunna driva med fornying gir meining og stor glede. Grisehuset har blitt ribba innvendig og totalrenovert. Nye purker er venta inn i løpet av kort tid. Det er rett og slett enormt gildt.
Jannicke Holmgren Stokke
bonde i Bamble kommune, Telemark
– For oss er det viktig med familielivet. Dei små tinga i kvardagen veg tungt. Me har to døtrer på sju og ni år, og ein båttur saman med dei, eller ein tur for å bada, er gull verdt. Dessutan er det godt å vere to om garden. Me pratar om utfordringane me møter, og forsøker å både sjå dei langsiktige løysingane og det positive, saman.
John Øydna og dottera Anna Øydna
John er mjølkeprodusent, Anna er Ås-student og odelsjente, Byremo, Agder
– Me bønder må ikkje ha urealistiske forventningar til kva me skal få gjort i løpet av ein dag eller ei veke. I tillegg trur eg me må bli flinkare til å ta oss fri og reise vekk frå garden, seier John, som gjerne tek familien med seg til hytta i Kragerø. I kvardagen koplar han av med musikk, medan Anna koplar best av når ho går tur.