BN+

Snart slått?: – Skal det vere liv laga på bygdene også for komande generasjonar, må me ha ein landbrukspolitikk som faktisk legg til rette for landbruk i heile landet, seier Ståle Hustoft. Foto: Ståle Hustoft


Mjølkebonden er pressa på mange frontar. Lågare forholdstal, tapte leigekvotar, og utfordring med klima og generelt våtare vêr. – For meg er strategien meir grovfôr, lågare yting og fleire kyr, seier Ståle Hustoft.


Liv Kristin Sola


Mjølkekvotane er under press, men den varsla reduksjonen viser seg i første omgang ikkje å bli så dramatisk som først venta.


– Om ei veke eller to tipper eg me er på same forholdstal som fjoråret. Men slik blir det ikkje framover, seier Ståle Hustoft.

Vegval

Går det an å produsere mjølk berre på norskprodusert fôr? Kor mykje kan kraftfôret reduserast med betre grovfôrkvalitet? Slike tankar sviv i hovudet på Ståle Hustoft medan han mjølkar kyr og flir i fjøset heime på Hustoft i Tysvær kommune.
Sauefjøset er bygd om til lausdrift til 24 kyr og kviger. Han har god plass i fjøset og gode kulturbeiter. Kvote og dyrka jord er flaksehalsen. Kva er handlingsrommet og kva tilpassing er best for akkurat denne garden?
For Hustoft er det openbart at dette først og fremst handlar om grovfôret. Meir gras med betre kvalitet, produsert til ein låg kostnad. Det er nøkkelen til å kunne redusere kraftfôrmengda og ha ein større fleksibilitet i fôringa.

VIL DU LESE DENNE OG ANDRE ARTIKLAR PÅ NETT?

KJØP DIGITALT ABONNEMENT, ELLER PRØV EI VEKE GRATIS

Abonnementet gir deg tilgang til alle Bondevennen sine artiklar på nett.

Allereie digital abonnent? Logg inn her

På grunn av endring i abonnementssystemet 25.10.23 må alle abonnenter sette nytt passord for å lese låste artikler på nettsiden. Vi beklager bryderiet.
Se veiledning for å bytte passord her.

Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss en epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer. 

Har du spørsmål angående abonnement?

Kontakt oss på telefon 51 88 72 61 eller send ein e-post til
post@bondevennen.no.

Stikkord denne saka: