• Vakkert uteområde, her ein av luftegårdene.

– Eg synest det er spennande å få vere med på dette, og er fasinert over at riding fungerer så bra, fortel fysioterapeuten, Brita Norrud.

Therese Mydland

– Det å komme meg oppå hesten igjen, det var ein stor seier for meg, seier Ingvild Sivertsen.

Ho hadde ridd på Tryggvi Islandshestgård i ca. 7 år, før ho fekk ryggmargskade. Ingvild fekk beskjed om at ho aldri kunne ri igjen, men gav seg ikkje. I dag deltek ho på terapiriding.

– Eg saknar å tølte, og håpar å få gjer det igjen, seier Ingvild.

Brita Norrud er utdanna fysioterapeut, og er trenar i terapiridinga på Tryggvi Islandshestgård i Sandnes.

– Eg synest det er spennande å få vere med på dette, og er fasinert over at riding fungerer så bra, fortel fysioterapeuten.

Du kan lese meir om terapiriding på Tryggvi Islandshestgård i Bondevennen 45.

Therese Mydland

Therese Mydland (15) elev frå Gjesdal ungdomsskole.

Therese Mydland (15) har  arbeidveke i Bondevennen, veke 44. Ho har vore på Tryggvi Islandshestgård, og skrive om terapiriding.

– Det har vore veldig kjekt og lærerikt å få prøve seg som journalist, seier Therese om arbeidsveka.

 

 

Stikkord denne saka: