
Verdt det: Ståle Hustoft og Tor Jacob Solberg har lært å skilja mellom kritikk på person og politisk kritikk. Det kjem godt med når ein vil noko – og er leiar i omsynsvis Rogaland Bondelag og Noregs Bonde- og Småbrukarlag.
PODCAST:
Tillitsverv – tar du eit?!
Ein sjanse til å påverka – eller berre pes? Bonderådet ser på fordelane og ulempene ved å ta eit tillitsverv.
Produksjonslag, krinsar, valnemnder og lokallag. Og fylkeslag. Osv. Osv. Landbruket er fullt av organisasjonseiningar med verv som skal fyllast.
– I tidlegare tider var eit tillitsverv noko ærefullt. I dag trur eg det har blitt litt vanskelegare å finna folk som vil, seier podcast-vert Bjørn Lende.
Tendensen er at det er dei same folka som sirkulerer mellom ulike verv, år etter år. For bønder har blitt veldig travle. Kanskje har dei små ungar. Klatt i fjøset. Og det kostar å skaffa avløysar så ein kan stikka ut. Som alle andre kan også ein bonde tykkja det er skummelt å ta eit verv. Er eg flink nok? Landbrukspolitikk er jo komplisert, sjølv for meg med støvlane på… Har ikkje debattklimaet blitt vel hardt? Er eg tjukkhuda nok?
Og like fullt: Næringa treng at fleire engasjerer seg og tar ansvar for å fremja bøndene sine interesser. Om det er iallfall både leiar i Rogaland Bondelag Ståle Hustoft og leiar i Noregs Bonde- og Småbrukarlag Tor Jacob Solberg samde. Båe er gjestar i vekas episode. Båe er opne om kva eit verv kostar av tid, krefter og fråver frå familien. Men båe er òg sikre på at det nyttar å engasjera seg. Og at det gir masse kunnskap, glede og meining.
Høyr dei to, og Bonderådet vårt med Ingvild Steinnes Luteberget, Jenny Kleppe og Bjørn Lende, der dei diskuterer minusar og plussar ved å ta formelt ansvar.
Podcasten Bondevennen er sponsa av BondeKompaniet.
Du finn podcasten Bondevennen, inkludert arkivet med over 50 tidlegare episodar, der du lyttar til podcast eller via spelaren under.