BN+

Tine satsar fornybart: Tine har som målsetting at all transport og industri skal drivast på fornybare ressursar innan 2025. Å satse på biogass sentralt i husdyrtette Jæren er eit av tiltaka for å nå ei slik målsetting. Tine har gode erfaringar frå Greve Biogassanlegg i Vestfold og vil vidareføre dette samarbeidet. I tillegg er Nortura ein samarbeidspart i satsinga på Jæren. Foto: Tine/ricardofoto


Tine ser på moglegheiter for å etablere eit biogassanlegg for husdyrgjødsel på Jæren. – Anlegget kan bli viktig både for Tine og for landbruket i regionen, seier leiar for samfunnsansvar i Tine, Bjørn Malm.


Liv Kristin Sola


Malm stadfestar at Tine ser på moglegheiter for å etablere eit biogassanlegg sentralt på Jæren. Gode erfaringar frå eit liknande prosjekt, Greve Biogass i Vestfold, har gitt selskapet tru på at eit slikt anlegg kan realiserast også andre stader i landet, ikkje minst i husdyrtette Jæren.

Trippel klimaeffekt

Malm minner om at klimagassutslepp, ikkje minst frå lagring og handtering av husdyrgjødsel, er ein del av klimautfordringa knytt til meierisektoren. Samstundes har Tine ei klar målsetting om å få meir transport over på biogass og bruke meir fornybar energi på alle sine anlegg.


– Gjennom eit biogassanlegg kan vi få fornybar energi og drivstoff, og samstundes bidra til å redusere klimagassutslepp på gardsnivå. Ved å tilbakeføre bioresten til garden kan bonden redusere innkjøp av handelsgjødsel, seier Malm.

VIL DU LESE DENNE OG ANDRE ARTIKLAR PÅ NETT?

KJØP DIGITALT ABONNEMENT, ELLER PRØV EI VEKE GRATIS

Abonnementet gir deg tilgang til alle Bondevennen sine artiklar på nett.

Allereie digital abonnent? Logg inn her

På grunn av endring i abonnementssystemet 25.10.23 må alle abonnenter sette nytt passord for å lese låste artikler på nettsiden. Vi beklager bryderiet.
Se veiledning for å bytte passord her.

Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss en epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer. 

Har du spørsmål angående abonnement?

Kontakt oss på telefon 51 88 72 61 eller send ein e-post til
post@bondevennen.no.

Stikkord denne saka: