Lyset gjekk: Næringslivseliten i Rogaland vart sitjande i mørket då lyset plutseleg vart slått av under Sola-møtet måndag. Det heile eit påhitt for å illustrera ein situasjon med totalt straumbrot i Rogaland. Foto: Bothild Å. Nordsletten

Lyset gjekk: Næringslivseliten i Rogaland vart sitjande i mørket då lyset plutseleg vart slått av under Sola-møtet måndag. Det heile eit påhitt for å illustrera ein situasjon med totalt straumbrot i Rogaland. Foto: Bothild Å. Nordsletten

Totalberedskap: – Vi må samvirke

19. januar 2026 | Aktuelt

For å styrka beredskapen må vi kjenne til kvarandre, dele planar og å øve saman. Vi må samvirke. Og gjera det , seier politimeister i Sør-Vest politidistrikt Hans Vik.

Hans Vik, politimeister, Sør-Vest politidistrikt

Dette er innlegget som politimeister Hans Vik haldt under næringslivskonferansen Sola-møtet måndag 19. januar. Overskrifta var «Er vi rigget, Rogaland? Totalberedskap eller total forvirring?» Vik tok utgangspunkt i ein gimmick på scena der lyset gjekk, som ein illustrasjon på ein situasjon med totalt straumbrot i Rogaland.

No gjekk altså straumen i Rogaland, og de fekk sjå korleis vi trur at vår innsatsleder ville sagt det til dei som hadde tilgang på tv, vel å merke. Mobilnettet er òg på veg ned, og snart står vi utan samband.

Er det no total forvirring? Då eg var gutunge og vaks opp i Ryfylke, hende det at straumen gjekk. Det var verken Sovjetunionen eller kriminelle nettverk som var årsaka. Ein gong var det eit fly. Oftast var det ver og vind – utan at nokon snakka om klimaendringar. Vi fekk eit stort – og litt nifst – aggregat bak løa som forsynte bygda med straum, på deling.

«Kvifor høyrde du ikkje etter
når myndigheitene faktisk sa det?»

I dag er vi meir sårbare, og straumbrot har store konsekvensar. Dessutan lurer alle på årsaka. Kan det vere ein statleg aktør som vil minne oss på at han er der? Kan det vere ein stor teknisk feil? Kor lang tid vil det i så fall ta å rette han? Og kven har ansvaret – og ikkje minst skulda – for at det gjekk gale? Kven skal betale? Kvifor sa ingen til oss at vi måtte vere førebudde på dette? Eller: Kvifor høyrde du ikkje etter når myndigheitene faktisk sa det?

Dermed står vi no i ein situasjon der folk er redde, sinte og fulle av spørsmål. Spørsmålet er kva vi kan gjere for å handtere krisa når ho først er der – uansett årsak. Det er sårbarheit nok til oss alle, og spørsmålet er korleis vi skal redusere ho.

Føre var

Det vi kan gjere, er å førebu oss. Det er totalforsvarsår i 2026. Alt ligg til rette for god beredskap og motstandskraft mot alt som trugar.

Rogaland har ei nøkkelrolle som energigarantist for Europa, med tilgang på naturressursar som gjer oss viktige – og sårbare. Når energiforsyninga vår er geopolitisk interessant, aukar òg risikoen. Det forpliktar oss til å vere betre førebudde enn andre regionar.

«Eg er alvorleg uroa for at vi ikkje utnyttar næringslivet sine musklar i totalberedskapen.»

Det er ingen tvil om at vi er heilt avhengige av kvarandre for at dette flotte samfunnet vårt skal fungere best mogleg, også i krise. Statsministeren sa i Aftenposten at det «ikkje er slik at regjeringa kjem inn og tek lokal tryggleik for eit føretak ein stad i Noreg. Det må begynne lokalt.» Og det er nettopp det eg ønskjer å følgje opp – saman med næringslivet.

Vi veit at næringslivet kan og vil bidra i totalberedskapen. Difor er det avgjerande at vi legg skikkeleg til rette for dette. Eg er alvorleg uroa for at vi ikkje utnyttar næringslivet sine musklar i totalberedskapen. Vi kan kome til å angre i morgon dersom vi ikkje får dette på plass i dag.

Meir enn samarbeid: Hans Vik, politimeister i Sør-Vest - og fast lesar av Bondevennen - manar næringslivet til å samvirke meir for å styrka totalberedskapen. Foto: Politiet

Meir enn samarbeid: Hans Vik, politimeister i Sør-Vest, manar næringslivet til å samvirke meir for å styrka totalberedskapen. Foto: Politiet

Vi må samvirke. Men kva betyr det eigentleg? Frå redningstenesta på 1970 talet kjenner vi omgrepet «samvirke». Det blei løfta inn som eit nasjonalt samfunnssikkerheitsprinsipp i Meld. St. 29 (2011–2012). Samvirke er noko meir enn samarbeid. Det er eit ansvar hos kvar enkelt aktør for å bidra med sitt, slik at heilskapen fungerer.

«Dette er på vår vakt.»

Dette må vi gjera

For å bli konkret meiner eg at tre element må vere på plass:

1. Vi må vite om kvarandre: Det viktigaste i første omgang er å vite om kvarandre og kva roller dei ulike myndigheitene har. Vidare må samvirkeaktørane – altså oss alle – vite kva kvar verksemd kan bidra med om det skulle røyne på. Dette krev samtalar og møtepunkter. Vi kjem eit stykke på veg med arenaene vi har, som fylkesberedskapsråd, kommunale råd og kriseorganisasjonar, men det er behov for ein enklare struktur lokalt i kommunane. Politistasjonssjefane og politikontaktane er klare til å bidra. Eg utfordrar lokalt næringsliv, NHO og andre næringsorganisasjonar.

2. Vi må dele planar: Når vi veit om kvarandre, må vi dele planar, ressursoversikter og sårbarheiter. Myndigheitene verkar ikkje utan næringslivet sine leveransar av varer og tenester. Næringslivet verkar ikkje utan myndigheitene si evne til å beskytte og regulere. Dette kan vi få til utan å utfordre verken teieplikt eller forretningsløyndomar.

3. Vi må øve saman: Neste fase er å øve saman. Det er ikkje vanskeleg å finne scenario. Det er eigentleg berre å følgje med i nyheitene, så ser vi kva som skjer – og kva som kan skje hos oss.
Har vi kontroll på dette lokalt, har vi redusert sårbarheita. Kanskje er det dette som er kjernen i totalforsvaret: den lokale evna til å samvirke gjennom kjennskap til kvarandre, ansvarskjensle og tillit.

Dette er på vår vakt.

Eg meiner den viktigaste måten å ta inn over seg behovet for beredskap, er å tenkje at du vaknar i morgon tidleg til ei nyheit om at det har skjedd ei alvorleg krise. Du er råka av krisa og kjenner på konsekvensane. Testspørsmålet er: Kva ville du gjort i dag dersom du visste kva som kom til å skje? Svaret er: Gjer det i dag.

For å sitere Totalberedskapskommisjonen: No er det alvor.

Stikkord denne saka: