IPT_aktuelt

Landbruks- og matminister Sylvi Listhaug heia IPT-tilbodet fram. Her saman med konferansier Tor Øyvind Skeiseid.

 

250 personar, fulle av læringslyst og omsorg, vart samla til Inn på Tunet-konferansen i Stavanger.

 

Jane Brit Sande

 

Magnhild Meltveit Kleppa, Fylkesmann i Rogaland, har lenge hatt trua på grøn omsorg. Allereie då ho var sosialminister i Bondevik 1-regjeringa, 1997-2000, snakka ho ordninga opp og fram. Måndag 2. november 2015 opna ho den nasjonale konferansen for Inn på Tunet (IPT), «Med meistring som ballast».

– Me som sit her i salen er alle forskjellige, men me har noko til felles: me har omsorg. Me bryr oss om kvarandre, sa Fylkesmannen i talen sin.

Ho mimra tilbake til 1999 då ho var på konferanse om Grøn Omsorg i lokalene i det ombygde hønsehuset på Steindal Gård i Randaberg kommune. Edvard Kolnes har vore tilbydar av grøn omsorg sidan 1986.

– I dag er det same hønsehuset bygd om til ein barnehage. I dag tok Edvard Kolnes på Steindal Gård i mot Landbruks- og matminister Sylvi Listhaug.

Heiar tilbodet fram

Landbruks- og matminister Sylvi Listhaug heia IPT-tilbodet fram.

– Her kan skuletrøytt ungdom få eit tilbod der dei får lov til å lukkast, til å vere saman med dyr, blir sett pris på og er ein ven, sa ho.

Det er i dag 400 godkjende IPT-tilbydarar, og 200 nye er under godkjenning. Ministeren meiner det er rom for meir.

– Det er rom for fleire tilbydarar, men kommunane må tenke nytt, tilbyderane må tenke nytt, og viktigst av alt må dei samarbeide, haldt ho fram.

 

Les meir om IPT-konferansen i BV46, som kjem i postkassane 13. november!

 

 

 

Stikkord denne saka: ,