
I skvis: Når alt skal gjerast på kort tid, og det skal det i onnene, kan det fort gå galt. Bønder som vektlegg HMS har mindre skadar og uhell, enn dei som tar ting som dei kjem. Foto: Istock / Hispanolistic
PODCAST:
Trygg i onna
Dei fleste ulukkene i jordbruket er av «skulle berre»-typen. Vekas ferske podcast-episoden gir deg gode råd om korleis du kan unngå dei.
Vårvinna er i gang for fullt og somme plassar er førsteslåtten rett rundt hjørnet. Mykje skal gjerast, tidsvindauga kan vera korte, og med folk og maskinar i frenetisk aktivitet er risikoen alltid der for at noko går gale. Oppunder 300 gonger i året går det såpass gale at folk skadar seg skikkeleg. For snaue 20 av dei gjer gardsarbeidet varige mein. Ikkje berre er fysiske skader farlege. Skader og uhell kostar også, på mange vis.
HMS er alltid viktig, og særleg i dei travle onnene. Det handlar vekas nye podcast om: Om korleis du sikrar helsa og sikkerheita: Din eigen, ungane sin, og den til dei som jobbar i lag med deg, anten det er faste avløysarar eller maskinentreprenørar.
Bonderådet vårt delar av eigne erfaringar. I tillegg møter du HMS-rådgjevar i NLR på Haugalandet, Helene Moe, samt maskinentreprenør Harald Velde.
Podcasten Bondevennen er sponsa av Bondekompaniet og Jæren Sparebank.
Du finn den nye episoden, inkludert arkivet over tidlegare episodar, der du lyttar til podcast eller via spelaren under.