BN+

Lønsame straumtak?: Solcellepanel montert på taket på maskinhuset til Magnar Fjeldheim i Vindafjord.


Rekneskapsførar stiller seg tvilande til lønsemda med å produsera straum via solcellepanel på løetaket. Kverneland Energi, som sel slike anlegg, delar ikkje tvilen.


Sjur Håland


Åge Bryne er rekneskapsførar hjå Jæren Rekneskapslag. Nå sit han ein mørk og skytung vinterdag under skarpe lysstoffrøyr på kontoret og får ikkje tala til å gå opp. Fleire bønder har satsa grønt den siste tida, og har investert i solcelletak. Bryne har kome i stuss om desse anlegga verkeleg er rekningssvarande, og har brukt tid til å rekna på tre konkrete tilfelle.


– Eg konkluderer nok annleis enn dei som sel anlegga, seier han.

Får ikkje tilskot

Bryne finn ikkje økonomiske argument som talar for å montere solceller på dei gardsbruka han har sett på. Det finnes ikkje særskilte finansieringsordningar knytt til solcelletak på gardsbruk. Unnataket er om solcelletak inngår i ein pakke med til døme flisfyring. Då kan Innovasjon Norge løyva tilskot.


– Her på Jæren ser me at dei aller fleste prosjekta er reine solcelletak, utan offentlege tilskot av noko slag, seier Bryne.


Han synar til to døme med årsproduksjonen på 41.000 og 68.000 kilowattimar. Anlegga kosta 312.000 kroner og 466.000 kroner. Desse anlegga skal, i følgje seljar, ha ei levetid på 30 år. Garantien er på 20 år, men slår berre inn dersom anlegget produserer mindre enn 80 prosent av den oppgitte effektten.


– Medan seljar reknar full produksjon i 30 år og delar prisen på årsproduksjonen gonger 30, får dei 28 øre per kilowattime. Men her er det ikkje rekna med renteutgifter eller vedlikehald, understrekar han.

Må rekna vedlikehald

Inverterane, som omdannar elektrisiteten frå likestraum til vekselstraum, må skiftast ein gong i levetida til solcelleanlegget. Prisen på ein invertar er mellom 30- 60.000 kroner, alt etter størrelsen på anlegget. Anlegget har òg behov for ettersyn. Invertaren står ute og har behov for el kontroll, i følgje Bryne.


– Mitt poeng er å hevda at slike anlegg har vedlikehaldsutgifter undervegs som må reknast inn. Samtidig er det sjølvsagt at kjøpar av slike anlegg må berekne rente på kjøpet, seier han.


Dimensjoneringa av anlegga har òg Bryne innvendigare mot.

VIL DU LESE DENNE OG ANDRE ARTIKLAR PÅ NETT?

KJØP DIGITALT ABONNEMENT, ELLER PRØV EI VEKE GRATIS

Abonnementet gir deg tilgang til alle Bondevennen sine artiklar på nett.

Allereie digital abonnent? Logg inn her

På grunn av endring i abonnementssystemet 25.10.23 må alle abonnenter sette nytt passord for å lese låste artikler på nettsiden. Vi beklager bryderiet.
Se veiledning for å bytte passord her.

Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss en epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer. 

Har du spørsmål angående abonnement?

Kontakt oss på telefon 51 88 72 61 eller send ein e-post til
post@bondevennen.no.

Stikkord denne saka: ,