Kviger på utmarksbeite under Folgefonna i Jondal. Foto Privat.

Sommarmjølk eller fjellbeite? – Me må klare begge delar. Det finst løysingar om me er villig til å gjere endringar, seier Helge Arne Espeland.

Liv Kristin Sola

 

Helge Arne Espeland, styremedlem i Tine SA og mjølkebonde frå Jondal i Hardanger, leste med interesse gardsreportasjen i BV 25, om sommarmjølk og utmarksbeite i Vik i Sogn.

– Det var absolutt eit spark til oss alle, at me må vete kva me har i utmarka og ta vare på dei ressursane. Samstundes har me ei plikt til å forsyne marknaden med mjølk til ei kvar tid. Òg – me må evne å utnytte industrien meir effektivt enn det me klarer i dag, utan at det betyr meir transport, seier Espeland.

I fjor haust kom meldinga om at Tine skal spare kostnadar på éin milliard for å møte den skjerpa konkurransen, både nasjonalt og mot import. Ifølgje Espeland vil ei jamnare mjølkekurve bidra med opp mot hundre millionar kroner til ei slik innsparing.

– Det er eit estimert, kortsiktig tal. På lang sikt vil det truleg bety endå meir. Lite sommarmjølk betyr store mengder mjølk som skal foredlast på ein god måte om vinteren. At anlegga ved framtidige investeringar kan riggast for ein jamn produksjon vil bety mykje økonomisk, seier Espeland.

Beitar innmark: Kyr beitande på innmark heime på garden til Helge Arne Espeland i Jondal. Foto: Privat.

Ja takk, begge delar

– Er det mogleg både å produsere sommarmjølk og framleis bruke utmarka?

– Me må klare begge delar, ikkje minst for omdømmet vårt, seier Espeland. Han viser til ein auke i mjølkeleveransane frå Vestland på 7,7 prosent i august i år, samanlikna med same tid i fjor.

– Det er imponerande. Eg trur bøndene har teke innover seg at alle må bidra i ein dugnad og få inn nok sommarmjølk, seier Espeland.

– Trur du auken er eit signal om meir sommarmjølk, eller respons på at forholdstalet er mykje høgare enn varsla i fjor på denne tida?

– Eg håpar det er starten på ei jamnare kurve. Uansett; vestlandsbonden har vist at det er mogleg å strekke seg litt lenger, seier Espeland, og minner om at kutalet allereie var på eit lågt nivå då siste kvotejusteringa kom.

– Ingen bruk eller bønder er like. Kvar og ein av oss må vurdere kva me kan gjere for å jamne ut mjølkekurva, seier han.

Og alternativa er mange, skal me tru Espeland. Om det er å strekke laktasjonen litt lenger eller planlegge kalvinga litt tidlegare om hausten. Har du areal nok, kan det vere ei løysing å legge kalvinga til våren, ikkje minst av økonomiske grunnar. For somme kan kalving i to puljar, ein på våren og ein om hausten, vere ei løysing.

– Det optimale er å auke tal på kalvingar i fyrste halvår. Dette bidrar med mykje sommarmjølk, og i tillegg er det positivt også med tanke på jamnare tilførslar av storfe til slakteria våre, seier Espeland.

Vestlandsbonden har vist at det er mogleg å strekke seg litt lenger.

Helge Arne Espeland

Tenk i lag og tenk nytt

Ifølgje Espeland har både produsentlaga og konsernstyret hatt stor merksemd på den skeive mjølkekurva det siste året. Mangel på mjølk i tredje kvartal kostar fellesskapet store summar og slår negativt ut på mjølkeprisen.

– I staden for å mane kvar enkelt bonde til innsats, ville det vore ein betre strategi å motivere til diskusjon i produsentlaga om kva som kan gjerast i fellesskap, i kvar grend?

– Me har snakka om moglegheitene som ligg i å levere meir sommarmjølk, men det er klart me kan bli flinkare. Det er mange fordelar ved at fleire dreg lasset i lag og finn løysingar som samla sett aukar produksjonen av sommarmjølk, seier Espeland.

Han viser til område som Valdres og Gudbrandsdalen, kor bønder samarbeider om å mjølke på fellesbeite og stølar og slik også nyttar utmarka.

– Det er mange døme på bønder som får til nettopp dette med samarbeid i sommarsesongen. Eit godt samarbeid vil lette kvardagen til kvar enkelt bonde. Slike ordningar kan me nok bli flinkare til, også her i vest, seier Espeland.

– Tine har rådgivarar som er utdanna til å gi råd om vegval. I kor stor grad vert dei nytta i desse prosessane, spesielt i område kor utmarka er ein viktig del av ressursgrunnlaget for mange?

– Det er heilt klart viktig å jobbe i lag skal me klare å jamne ut mjølkekurva og nytte industrien på ein best mogleg måte, seier

Krevjande problemstilling: Korleis kan vestlandsbonden levere sommarmjølk og samstundes sleppe Dagros til fjells? – Krevjande, men det finst moglegheiter, seier Helge Arne Espeland.

Sommarfri eller fjellbeite?

Sommaren er ei travel tid. Mykje skal gjerast på kort tid og for mange er det mest umogleg å skaffe seg hjelp. Då er det godt å sleppe å mjølke i tillegg.

– Trur du det er fjellbeitet, eller driftsopplegget generelt som er den største utfordringa?

– Det er vanskeleg å seie. Me gjer val basert på dei forholda me har på garden. Det er ikkje spesielt for Vestlandet, seier Espeland.

Han har likevel tru på at bøndene forstår alvoret og trur det vil løyse seg på sikt. Likevel er det ikkje til å unngå at det blir færre kyr til fjells, noko han meiner langt på veg kan kompenserast for med ungdyr, ammekyr, sinkyr og sau.

– Det kjem an på korleis me klarer å tilpasse oss, men det utfordrar heilt klart ein del etablerte system. Det går ikkje i hop med å sine av kyrne i tre månadar og sende dei til fjells, seier Espeland.

– Blir det ei utfordring for enkelte å oppfylle beitekravet, dersom alternativet til utmarka er å beite dyrka mark?

– Me må nok akseptere meir beiting i innmarka skal me nå målet om meir sommarmjølk. Men igjen, tilhøva er ulike, alle kan bidra litt. Vårt samfunnsoppdrag er å forsyne marknaden med dei produkt som blir etterspurt. Samstundes skal beitekravet etterlevast, det er heilt klart, understrekar Espeland.

Ikkje hogd i stein

Lenge opererte Tine med fem prissoner, men leveransane frå fire av regionane var så like at dei vart slått saman til sone Landet. Sona for Fjord og fjell vart oppretthalden, nettopp fordi leveransane i denne sona var avvikande frå resten av landet.

– Kva tenker du om ei felles prissone for heile landet, slik at bønder i andre regionar i større grad kan dekke Tine sitt behov for sommarmjølk?

– Me ser det har virka med to prissoner, men på sikt kan det vere aktuelt å endre på dette. Ingenting er hogd i stein, seier Espeland.

Han understrekar at styret til ei kvar tid må vurdere kva som er best for fellesskapet og slik sikre ein høgast mogleg mjølkepris til eigarane. For Tine industri, og dermed også for mjølkebonden, er det viktig med ei jamn mjølkekurve, også innafor regionane.

– Ei skeiv fordeling mellom regionane vil utfordre anleggsstrukturen og føre til meir transport. Difor må me oppretthalde Fjord og fjell som ei eiga prissone, i alle fall på kort sikt, seier Espeland.

Han viser til at dei siste justeringane i mjølkeprisen har kome på basisprisen og har hatt lik effekt over heile landet.

Fjellbeitet kan tape

Espeland meiner det er vanskeleg å gje generelle svar på korleis utfordringa med sommarmjølk kan løysast, fordi utgangspunktet er så ulikt.

– Me må prøve å sjå forbi utfordringane. For det finst også mange moglegheiter, både på kvar gard, men også i kvar grend og kommune, seier Espeland.

Denne sommaren har vist at det monnar når alle strekker seg litt, og Espeland nyttar høvet til å takke alle som har bidrege til auka mjølkeproduksjon i sommar.

– Det er avgjerande at me alltid er leveringsdyktige og at me klarer å utnytte kapasiteten i transport og industri best mogleg. Me har ikkje råd til å la vere. Men det skal ikkje gå på bekostning av mosjonskrav og dyrevelferd.

– Men det kan gå på bekostning av fjellbeitene?

– Ja, om me ikkje er i stand til å kompensere med å bruke beita aktivt til sinkyr, eller til mjølkeproduksjonen, seier Espeland.

Stikkord denne saka: ,