BN+

Likestilling på alle plan: Anne Ims Langåsdalen meiner likestilling handlar om så mykje meir enn kvinner. – For å få til eit levande landbruk og levande bygder i framtida, må vi ha gode, tolerante miljø som folk kan trivast i og byggje seg eit livsverk i, seier 19-åringen. Foto Privat.


– Vi kvinner har store moglegheiter til å styre landbruket mot nye retningar, ikkje minst når det gjeld berekraft og levande bygder. Vi har alt å bidra med, seier Anne Ims Langåsdalen.


Liv Kristin Sola


19-åringen frå Hjartdal i Telemark var ei av ti unge kvinner som takka ja då Landbruks- og matminister Olaug Bollestad inviterte til nettmøte i forkant av Kvinnedagen 8. mars. Alle dei ti ungdommane er elevar ved ti av landets vidaregåande skular som tilbyr naturbruksutdanning.

Kvinner vil påverke landbruk

Tema for samtalen er utdanning og kvinner sin plass i landbruket. Bollestad vil bli utfordra på kva som skal til for at unge kvinner vil og tør å satse på næringa. Langåsdalen trur nettopp utdanning er ein nøkkelfaktor.


– Eg trur menn er flinkare til å kaste seg inn i ting og stole på seg sjølve. Vi kvinner tenker meir på konsekvensar og avgrensar oss sjølve. Vi må skaffe oss den kunnskapen vi treng for å gå inn og meine noko. Vi må stole på oss sjølve, seie ho.


Langåsdalen trur landbruket er i ei brytingstid. At kompetanse blir viktigare enn nokon gong for å lukkast som bonde. Ho trur det vil styrke kvinner sin posisjon, nettopp fordi dei er kunnskapssøkande og lite risikovillige.

VIL DU LESE DENNE OG ANDRE ARTIKLAR PÅ NETT?

KJØP DIGITALT ABONNEMENT, ELLER PRØV EI VEKE GRATIS

Abonnementet gir deg tilgang til alle Bondevennen sine artiklar på nett.

Allereie digital abonnent? Logg inn her

På grunn av endring i abonnementssystemet 25.10.23 må alle abonnenter sette nytt passord for å lese låste artikler på nettsiden. Vi beklager bryderiet.
Se veiledning for å bytte passord her.

Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss en epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer. 

Har du spørsmål angående abonnement?

Kontakt oss på telefon 51 88 72 61 eller send ein e-post til
post@bondevennen.no.

Stikkord denne saka: