Jærbu på tinget’: Margret Hagerup, ein komande landbruksminister? Foto: Sjur Håland

Jærbu på tinget’: Margret Hagerup, ein komande landbruksminister? Foto: Sjur Håland

PODCAST:

Vil sleppa bonden fri

30. mai 2025 | Aktuelt

Får Margret Hagerup spørsmål om ho vil bli Høgre sin landbruksminister seier ho ja. Kva skjer då?

Kva vil eigentleg Høgre i landbrukspolitikken? Bli med på kuslepp hjå Bonderådets Jenny Kleppe og høyr partiet sin landbrukspolitiske talsperson forklara.

Margret Hagerup er tidlegare butikkarbeidar, har sote åtte år på Stortinget og seier at ho er klar for ministerrolle, dersom partiet hennar skulle vinna valet. Som Høgre sin landbruksansvarlege over fleire år har ho mange meiningar om stoda i næringa og om vegen vidare. Ikkje minst er ho opptatt av å framsnakka bøndene og maten.

I vekas ferske podcast høyrer du henne diskutera rundt kjøkenbordet med Jenny Kleppe og Bjørn Lende om behovet for å sleppa bonden fri, for mindre politisk detaljregulering, mindre kjøt-eting, alternativ til dagens marknadsregulering og CO2-avgift. Mellom mykje anna.

– Eg synast det er synd at landbrukspolitikken ofte blir så polarisert, seier Hagerup.

– Importvern, marknadsregulering og kor mykje pengar ein skal ein gi til bøndene… om ein ikkje treff på dette, så vil ein liksom ikkje bonden godt. Det er heller tvert imot, me vil at bonden skal ha høve til å utnytta meir av eige potensial på garden, utan at me på Stortinget skal sitta med eit for rigid regelverk og laga for mange styringspunkt for kva retning bøndene skal ta.

Du finn den nye episoden, inkludert arkivet over tidlegare episodar, der du lyttar til podcast eller via spelaren under.

Podcasten Bondevennen er sponsa av BondeKompaniet og Jæren Sparebank.

Stikkord denne saka: