BN+

Jord vs. trafikktryggleik: I det ein syklist fer forbi på Nordsjøvegen hiv dei lokale bøndene seg i vegkanten for å sikra blinkskotet. Hurlumheien vekkjer latter, men alvoret ligg rett under, bokstaveleg talt. (F.v.) For Karen Sigbjørnsen, Tore Scheie, Ola Sunde, May-Karin Horpestad og Hans Arvid Scheie står på nokre av dei metrane med jord som forsvinn når sykkelstien skal byggjast.


Sykkelstien langs den nasjonale turistvegen ved jærhavet er ferdigregulert, men strengare jordvernsignal frå regjeringa gjer at lokale bønder ønskjer omkamp for matjorda.


Bothild Å. Nordsletten


– Sløsing med jord må det bli slutt på, seier Ola Sunde.

Han står i tunet til Tore Scheie, saman med Tore sin sambuar Karen Sigbjørnsen, May-Karin Horpestad og Hans Arvid Scheie. Omgitt av høg himmel, hav og lubne forsommaråkrar er dei alle bønder og naboar på kjente gardsnamn, som Vik, Orre og Skeie, langs den karakteristiske Nordsjøvegen gjennom Klepp kommune. Og langs 4,5 kilometer av denne ganske smale fylkesveg 507, frå kommunegrensa med Hå i sør til Orre kyrkje i Klepp i nord, planlegg kommunen sykkelsti.
Eit krumbøygd fartsfantom i vepsefarga lycra og stor hjelm peisar forbi utanfor tunet. Tohjulingen synleggjer risikoen som både mjukare og hardare trafikantar her utset seg sjølv og kvarandre for anten skiltet seier 60 eller 80.
Sykkelstien som aukar tryggleiken og trekk til seg turistar er vedtatt og planane har vore klare sidan februar 2018. Stien er eigd og skal finansierast av Rogaland Fylkeskommune til ein pris som i si tid vart stipulert til mellom 39 og 48 millionar 2014-kroner. Eit nytt kostnadsoverslag i fjor bikka totalprisen opp til 104 millionar kroner.

VIL DU LESE DENNE OG ANDRE ARTIKLAR PÅ NETT?

KJØP DIGITALT ABONNEMENT, ELLER PRØV EI VEKE GRATIS

Abonnementet gir deg tilgang til alle Bondevennen sine artiklar på nett.

Allereie digital abonnent? Logg inn her

På grunn av endring i abonnementssystemet 25.10.23 må alle abonnenter sette nytt passord for å lese låste artikler på nettsiden. Vi beklager bryderiet.
Se veiledning for å bytte passord her.

Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss en epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer. 

Har du spørsmål angående abonnement?

Kontakt oss på telefon 51 88 72 61 eller send ein e-post til
post@bondevennen.no.

Stikkord denne saka: