
Krevjande balanse: Eit salmonellautbrot i Sverige er ei av årsakene til at det har vore knapt med norske egg å få tak i det siste året. No er det mange som satsar på egg, og landbruksminsteren vurderer tiltak for å prøve å unngå ein ny overproduksjon. Foto: Istock / baona
Vurderer differensiert omsetningsavgift på egg
På kort tid gjekk norsk eggproduksjon frå overflod og reguleringstiltak, til underskot og ramaskrik. No vil landbruksministeren vurdere differensiert omsetningsavgift.
Liv Kristin Sola
Tomme hyller og mangel på egg. Etter år med overproduksjon var situasjonen plutseleg snudd til underskot. Årsak – salmonellautbrot på ein hønsefarm i Sverige med 1,5 million høns.
Importen av svenske egg til norsk matindustri fekk ein bråstopp. Industrien gjekk over til å kjøpe norske egg – og det vart tomme hyller i butikkane.

Lasse Fredheim
Vil skrote marknadsordninga for egg
Ikkje bra, seier høgresida i norsk politikk, og meiner løysinga er å skrote marknadsordninga for egg.
– Det må kunne gå an å balansere dette mykje betre, sa Lasse Fredheim frå Høgre då han var med i politisk debatt på Landbrukskonferansen i Aksdal førre måndag.
Fredheim tek til orde for å bytte ut marknadsordninga for egg med det han kalla ein nøytral aktør som han meiner kan regulere marknaden på ein betre måte.
– For det er litt spesielt at me i 2024 ikkje får tak i egg i butikken, seier han.
Differensiert omsetningsavgift
Landbruksminister Geir Pollestad meiner det er naivt å tru at situasjonen vil endre seg om ein skrotar marknadsordninga.
– Ei høne vil ikkje legge to egg om dagen, same korleis marknaden blir regulert, sa han då han møtte jærbøndene på Varhaug måndag kveld.
Pollestad vil heller sjå på ei løysing med differensiert omsetningsavgift, noko han tok til orde for både på Landbruksmøte på Varhaug, og då han møtte vestlandsbøndene i Bergen i går kveld.
«Eg meiner me må ha ein moglegheit til å styre veksten i eggproduksjonen.»
Geir Pollestad

Geir Pollestad
– Eg meiner me må ha ein moglegheit til å styre veksten i eggproduksjonen. Det har Bondelaget og Småbrukarlaget etterlyst, og eg ser det som eit av mine politiske prosjekt denne våren, seier Pollestad.
Han viser til kyllingproduksjonen, kor kontraktsproduksjon har ført til ei sentralisering av kyllingprodusentar rundt slakteria.
– Dersom me fjernar marknadsregulering for egg, slik som høgresida vil, vil også eggproduksjonen gradvis forsvinne frå distrikta. Alt tyder på det, fordi det blir for dyrt å hente egg langt frå marknaden, åtvarar Pollestad.
Mange nye hus på gang
Kenneth Hole er glad for signala frå landbruksminister Pollestad. Hole eggprodusent på Jæren og styremedlem i Norsk Fjørfelag. Han er glad for auka sal av norske egg, og at det gir rom for nye produsentar. Ryktet vil ha det til at det er mellom 30 og 40 nye hønsehus under bygging eller planlegging.
– Eg er redd det er i meste laget, dersom det stemmer, seier han, og fryktar ny overproduksjon.
Fjørfelaget har i mange år kjempa for å få til ei regulering av nyetableringar, i lag med blant anna Nortura og Bondelaget. Differensiert omsettingsavgift, med eller utan venteliste for nye produsentar har vore eit forslaga, men venteliste har vist seg vanskeleg å innføre gitt dagens ordning.

Kenneth Hole
Foto: Norsk Fjørfelag
«Det er kanskje dei marginale områda som i størst grad treng egg som tilleggsproduksjon.»
Kenneth Hole
– Me har ikkje gått så konkret til verks med tanke på tiltak, men vil gjerne vere med å diskutere korleis me kan regulerer produksjonen for å unngå ei kostbar overproduksjon, seier han.
Eit av argumenta for å ikkje innføre dette tidlegare, var at det var det overproduksjon. Hole meiner det er viktig å få på plass ei no når det er underdekning.
– Eg håper Pollestad sit så lenge at han får gjort noko med situasjonen for eggprodusentane, seier Hole.
Fryktar auka kontraktsproduksjon
Til liks med landbruksministeren, fryktar også Hole konsekvensane av å skrote marknadsordninga for egg.
– Blir det kontraktsproduksjon vil truleg produksjonen i distrikta på sikt bli avvikl. Og me står att med eggproduksjon på Jæren, i Trøndelag og på Austlandet, der me har stor konsentrasjon frå før, seier han.
– Ser me litt stort på det, så er det ikkje ønskeleg at all produksjon skal ende opp i dei sentrale områda. Det er kanskje dei marginale områda som i størst grad treng egg som tilleggsproduksjon, legg han til.
Sentralisering vil i tillegg auka smittepress og gir større konsekvensar ved utbrot av sjukdom. Det siste har Hole sjølv kjent på kroppen då han måtte slakte ut heile besetningen på grunn av fugleinfluensa.
– Det fekk store konsekvensar for naboane mine som og har fjørfe, seier Hole.