Heiltidsbonde med fleire kyr Noko av det som har bidrege mykje til lågare antibiotikabruk er stadig merksemd på avl og dyrehelse. Som dei likar å seie i jordbruket – friske dyr treng ikkje antibiotika. Sidan 2001 har det også vore systematisk teljing og kartlegging av antibiotikabruken i jordbruket gjennom det som heiter NORM-VET. Me kan også peika på andre ting, som lovverket som seier at veterinærane ikkje skal kunna profittera på å selja antibiotika, samstundes som at all antibiotikabruk må verta godkjent av ein veterinær. Men, det er også noko anna-, noko mindre direkte som har skjedd: den låge bruken av antibiotika kan ikkje forklarast av slike meir eller mindre målretta tiltak åleine. Utan dei konkrete tiltaka for friskare dyr og redusert bruk, hadde neppe reduksjonen i antibiotikabruk skjedd. Men like viktig som desse, er kanskje det at den norske mjølkebonden har gått frå å vera «to-kyrs industriarbeidar» til å bli «30 kyrs-robotbonde». Det har nemleg ein del å seia, korleis dei materielle førehalda i jordbruket er. Dei siste tjuefem åra har det skjedd store endringar i korleis norsk mjølkeproduksjon ser ut, og i korleis den skjer. I eit land med spreidde jordlappar og lange avstandar opna rundballepressa opp for at bønder som ville utvida drifta kunne gjera det ved å kjøpa eller leiga jord relativt langt borte frå sjølve garden. Rundballane kan jo lett fraktast til bruket utanfor slåtten. Og når bonden utvidar, treng han nytt fjøs, og nytt fjøs med lausdrift er også påbode frå 2034 av. Sidan arbeidskraft i Noreg er dyrt, medan finansiering til teknologiske løysingar er relativt lett tilgjengeleg, har dei aller fleste nye fjøs vore bygg med installert mjølkerobot. I prosessen med at nokre har utvida, har andre slutta, og det har vorte færre mjølkekyr samla sett, men kvar ku mjølkar stadig meir. Mykje helse i roboten Alt dette har konsekvensar for bruken av antibiotika. Når bonden ikkje lenger berre har to-tre kyr, men 30-40, då blir ikkje kvar ku like uunnverleg. Dersom ei ku då får problem med mastitt eller høgt celletal er det lettare no, både økonomisk og emosjonelt, å slakta kua heller enn ta antibiotikakur på den. Ei anna sak er at med mjølkerobot får kyrne mjølka seg oftare, og minskar då sjansen for høgt celletal og mastitt. Med oftare mjølking og meir kraftfôr trengst færre kyr på nasjonalt nivå for å få same mengde mjølk. Då blir det færre kyr som potensielt treng antibiotika. Dessutan gir roboten bonden mykje data om kua si helse. Kort sagt: når mjølkebøndene har gått frå fôrhaustar og båsfjøs, til rundballar og robotfjøs, så har dette vore med på halda antibiotikabruken låg.
19. februar 2025