HØYR!

– Ein god avtale

5. november 2021

Det er grunn til uro, særleg for dei kraftfôrkrevjande produksjonane.

– Det er utan tvil mjølkeprodusentane som kjem best ut av tilleggsforhandlingane, seier økonomirådgivar Halldor Skare.

Jane Brit Sande

– Den største overraskinga er vel at landbruket fekk innfridd kravet fullt ut, seier Halldor Skare, økonomirådgivar i 5-pluss på Haugalandet, om tilleggsforhandlingane som vart avslutta førre veke.

Partane vart samde om 754 millionar kroner i kostnadskompensasjon for auka prisar på gjødsel og bygningsmateriale.

– Dersom kostnadsveksten blir slik som anslått i desse forhandlingane, så er dette ein god avtale. Men me er i ein spesiell situasjon, med mykje uvisse om kva som vil skje framover, seier Skare.

Kostnadar utover dei 754 millionane, vil vere ein del av grunnlaget for jordbruksoppgjeret neste år.

– Det er utan tvil mjølkeprodusentane som kjem best ut av tilleggsforhandlingane, med ein auke i husdyrtillegget på 440 kroner per ku, og i tillegg auke i kulturlandskapstillegg på 53 kroner per dekar.

Avtalen ser ikkje ut til å gjere skil på konvensjonell og økologisk produksjon, seier rådgivaren.

– Det betyr at dei økologiske mjølkeprodusentane får kompensasjonen, samstundes som dei ikkje har den same kostnadsauken sidan dei ikkje nyttar kunstgjødsel i ein slik grad som i konvensjonell produksjon, seier Skare.

Auken på husdyrtilskotet på ammeku er på 110 kroner per dyr.

– Eit stort skil på to produksjonar der arealbehovet langt på veg er likt, seier Skare, og illustrerer:

– Eit bruk med 30 mjølkekyr, 150 dekar fulldyrka og 200 dekar beite vil få 27 510 kroner ekstra utbetalt. Eit bruk med 30 ammekyr, og same areal, vil få 17 610 kroner ekstra.

Bønder som ikkje bygger fjøs eller har større vedlikehaldsarbeid i år, merker ikkje kostnadsauken på byggematerial direkte.

– Det er dei som bygger no som får dette «rett i fleisen». I tillegg er det varsla ein betydeleg prisauke på betong frå nyttår. Det ballar på seg, seier Skare.

Kompensasjon for auka straumutgifter vart utsett til våren.

– Det er grunn til uro, særleg for dei kraftfôrkrevjande produksjonane. Dei har ikkje kome med i denne runden med tilleggsforhandlingar, utover det dei måtte få på arealet sitt, seier Skare.

Han er også uroa for utbetalingstidspunktet. Kompensasjonen blir utbetalt i februar 2022 som ein del av den ordinære utbetalinga for produksjonstilskot.

– Det er ikkje problematisk med tanke på gjødsel– og byggekostnadar. Bøndene veit kva dei vil få utbetalt og kva tid, så slik sett er dette ei grei løysing, seier Skare.

Men dersom ein kompensasjon for straum skal betalast ut på same måte, så vil ikkje dei pengane koma før i februar 2023. Her merkar mange dei auka utgiftene allereie, understrekar Skare.

– Eg håpar at neste runde av tilleggsforhandlingane vil gi ei ekstraordinær utbetaling, seier Skare.

Stikkord denne saka: ,