Kurs: Ulike kurs er blant dei lokale bygdekvinnelaga i Rogaland sine varemerke. Ein gong i tida var det svært sjeldan å sjå ei kvinne bak eit traktorratt. Bygdekvinnene tok affære og arrangerte fleire traktorkurs opp gjennom åra. Årstal og namn er ukjende, men traktoren kan tyda på at dette kurset må vera frå ein gong på 1960-talet. Foto frå Rogaland Bygdekvinnelag sitt 50-års jubileumshefte.