HØYR!

– Gjer det litt triveleg for deg sjølv

Husk at du ikkje er aleine. Det er hjelp å få.

Det er påske, og for mange av våre lesarar er det einstydande med ein ting: Lemming. Småferådgivar Stian Espedal vil at det skal bli ei god tid for både folk og fe.

Jane Brit Sande

I mange sauehus er den heilage tida allereie godt i gang: Lemminga. Lange dagar, lange netter. Dei fleste er godt rusta, i følgje småferådgivar i Nortura, Stian Espedal.  

– Mange har laga til eit rom eller eit hjørne i fjøset der dei kan ha pause. Eg ser bønder har rigga seg til med både TV, sofa og seng, og har også ordna til for ungane si skuld. Andre vil heller inn i huset for å kvila. Det viktigaste er å gjere det litt triveleg for seg sjølv, og det er dei fleste flinke til å gjere, seier Espedal.

Som i fjor, er lemminga prega av verda utanfor sauefjøset. Pandemien har hindra arbeidarar å koma på plass, og fagmøte og samlingar for bøndene blir anten gjennomført digitalt, eller ikkje i det heile tatt.  

– Folk saknar å treffast, heilt klart. Me sit alle og ventar på normalen. Digitale møte er ikkje det same, seier Espedal.

Når Bondevennen snakkar med han, har han tatt fatt på ein runde med besøk hjå sauebøndene.  

– Me radlar litt om livet, drifta eller dyra. Alle blir glade når eg kjem, same kor trøtte dei er. Det er gildt, seier Espedal.Alle smittervernsreglar  – både for folk og fe – blir sjølvsagt følgd.  

– Det er framleis lovleg å treffast i eit gardstun for litt kaffi og radling. Men me må hugse å halde avstand, seier Espedal.  

– Mange vil ha råd og hjelp til forbetringar, eller ærlege tilbakemeldingar. Det får dei. Det meste av det eg kan, har eg lært av andre bønder, seier han.

Går alt gale, og nettene blir til dag fleire døgn på rad, kan tilværet bli noko mørkt  – også for røynde sauebønder. Ecoli, leddbetennelse, listeriose, leverikter. Lista er lang over ting som kan skje.  

– Husk at du ikkje er aleine. Det er hjelp å få, og me er villige til å lytta og hjelpa. Mange bønder er flinke til å spørja i forkant, men det er ikkje alt ein kan førebu seg på, seier Espedal.  

– Ring ein rådgivar eller ein veterinær. Spør dei rette folka om råd og hjelp. Eg ser mange nyttar Facebook. Det er litt både òg. Ein får mange ulike svar, og det kan fort bli ei avsporing i staden, seier han.

Terskelen for å ringa ein rådgivar er og skal vere låg, i følgje Espedal.  

– Det er ikkje mas når dei ringer. Det veit bøndene, seier han.  

Stikkord denne saka: ,