BN+

Nesten ugjennomtrengeleg: Aurheller i morenejord med lag av sortert materiale avsett i smeltevatn, i Suldal. Det raudbrune aurhellelaget øvst, nett over laget med finkorna materiale, er jarnaurhelle. Det svarte aurhellelaget, som er ei hardare plate, er manganaurhelle med innslag av jarn. Aurhellelaga her er mest knytt til vekslande grunnvasstand, og sigevasspåverknad frå tilgrensande område. Foto: Line Tau Strand, NMBU.


Aurhelle i jord er tette lag som skuldast nedvasking og samankitting av løyste sambindingar. Aurhelle reduserer infiltrasjonen av sigevatn, og kan føra til dårleg drenering sjølv på grovkorna jord. Kalking og høgare pH nedover i jordprofilet kan seinka utvikling av aurhelle.


Samson Øpstad
NIBIO


Aurheller blir helst danna i område med rikeleg nedbør. Aurhellelaga i jord har si årsak i nedvasking av løyste sambindingar av blant anna jarn, aluminium og humus frå materialet over, og som vert felt ut og kittar seg saman med anna jordmateriale til klumpar eller ei meir eller mindre samanhengande plate som kan vera av ulik hardleik. Danning av aurheller skjer under vekslande oksiderande og reduserande forhold i jorda, som følgje av veksling mellom periodar med og utan vassmetting av jorda. Dette skjer gjerne når årstidene vekslar. Jarnaurhelle er laga av jarn, er rustraud på farge og er vanleg å finne på Vestlandet. Humusaurhelle er humusstoff som kittar seg saman med mineralmateriale i lag under organisk jord, og er svart på farge. Det er og vanleg med aurheller danna som ei blanding av avsetjingar av jarn og humus.

VIL DU LESE DENNE OG ANDRE ARTIKLAR PÅ NETT?

LES BONDEVENNEN DIGITALT

Abonnementet gir deg tilgang til alle Bondevennen sine artiklar på nett.
Logg inn med brukarnamn og passord.

Allereie digital abonnent? Logg inn her

Ikkje ennå abonnent? Prøv Bondevennen ei veke gratis her!

Er du abonnent på papir og ønsker digital tilgang?
Send oss en epost på post@bondevennen.no

Har du spørsmål angående abonnement?

Kontakt oss på telefon 51 88 72 61 eller send ein e-post til
post@bondevennen.no.

Stikkord denne saka:
Share This