
Vil ha nye jordprøvar
Viss jordprøvane hadde vist meir av kva jordbiologien kan bidra med, kunne ein redusert gjødselmengda og oppnådd same resultat, seier kornbonden Hellek Berge.
Viss jordprøvane hadde vist meir av kva jordbiologien kan bidra med, kunne ein redusert gjødselmengda og oppnådd same resultat, seier kornbonden Hellek Berge.
Visste du at jorda di sørger for vasskrinsløpet, klimaet, resirkulering av næringsstoff og er grunnlaget for alle artar som lever på land? Det løner seg å bli betre kjent med jorda du har på garden din.
Dekktrykk, marktrykk, og nedgravne bomullsunderbukser er på programmet når NLR inviterer til markdag på Helleland.
For første gong vert jordsmonnet på Vestlandet kartlagt. Det er viktig kunnskap med tanke på jordvern og klimatilpassing. – På eit vis er dette ei jordvern-kartlegging, seier NIBIOs folk på åkeren.
Aurhelle i jord er tette lag som skuldast nedvasking og samankitting av løyste sambindingar. Aurhelle reduserer infiltrasjonen av sigevatn, og kan føra til dårleg drenering sjølv på grovkorna jord. Kalking og høgare pH nedover i jordprofilet kan seinka utvikling av aurhelle.