Sjuk: Lammet vart funne på utmarksbeite ved tilsyn. Det virra rundt på ei myr og klarde ikkje følgje mora, og ramla i ei lita elv. Lammet vart redda, men oppførte seg unormalt med stakkato og brå rørsler. Hovudet var nær dobbel størrelse av normalt, svært hoven i både øyre, augelok, snute og hake. Det verka som det var smertefullt. Lammet var svært svolten og tok villig imot kraftfôr når det fekk i munnen. Redninga vart ein ryggsekk og ein halvtimes tur heim til ein mørk flor med tilbod om høy og vatn. Denne hadde fått noko tilleggsfôring som liten og tok villig imot vatn på tåteflaske.