Meir regn: Fleire episodar med ekstremnedbør framover vil stille krav til drenering, og påverke når ein kan så og hauste. Her frå Jæren i oktober 2018. Foto: Sjur Håland

Det er ikkje lenger tvil om at temperaturen på jorda stig, og at dette skuldast menneskeleg aktivitet. Konsekvensane er store, både for natur og samfunn.

Tore Furevik og Anne Bjune, Bjerknessenteret og Universitetet i Bergen

Ute i verda vil kombinasjonen av langt høgare sommartemperaturar og mangel på vatn truleg vera det som vil få størst konsekvensar, mens det heime hos oss for det meste vil handle om for mykje vatn – særleg når det kjem i store mengder over kort tid. Samstundes vil varmare luft føre til meir fordamping, så trass i meir regn er det paradoksalt nok også venta meir tørke.

Feil retning

Sjølv om så godt som alle land i verda har skrive under på Paris-avtalen, der målet er å avgrense oppvarminga til godt under 2oC og helst ned mot 1,5oC, ser vi at dei meste av pilene peiker i feil retning. Utsleppa av klimagassar held fram med å auke, og vil i 2019 ha passert 43 mrd. tonn CO2. Lufta inneheld nesten 50% meir CO2 enn før den industrielle revolusjonen, det høgaste nivået på meir enn tre millionar år, og den stadig sterkare drivhuseffekten har ført til at jorda har blitt 1,05oC varmare. (Figur 1) Utbygging av fornybar energi skjer no i stadig større tempo, transportsektoren blir elektrifisert, og industrien blir stadig reinare. Likevel er det få som trur at vi klarer å avgrense oppvarminga til 2oC, og endå færre som meiner at 1,5oC er realistisk – berre 0,45oC varmare enn i dag. Men det mange set si lit til, er at vi i andre halvdel av dette hundreåret skal klare å ta meir CO2 ut av lufta enn det vi slepp ut. Greier vi å oppnå negative utslepp, vil drivhuseffekten gradvis bli mindre og planeten kunne avkjølast igjen. Men er dette realistisk? Og korleis vil dette påverke vår evne til å produsere mat, og til å ta vare på naturen?

Figur 1. Målt gjennomsnittstemperatur ved bakken (raud kurve) og innhald av CO2 i atmosfæren (blå kurve) frå 1850 og fram til i dag. Figur er laga av Helge Drange, Bjerknessenteret, og Universitetet i Bergen.

Smartare enn før

I løpet av eitt års tid er det kome tre spesialrapportar frå FN sitt klimapanel og ein hovudrapport frå FN sitt naturpanel. Her kan vi lese at konsekvensane av den globale oppvarminga vil vera store for verdas landbruk, og vi kan lese at bruken av land spelar ei heilt sentral rolle når det gjeld å avgrense oppvarminga. Menneskeleg aktivitet påverkar i dag meir enn 70 % av den globale isfrie landjorda både gjennom produksjon av mat til menneske og dyr, til fiber og tømmer, men også tenester som natur- og kulturopplevingar, reint vann og energi. Skal klimamåla nås, må vi gjere ting smartare enn før.
Ifølgje FN sitt naturpanel så ser vi allereie i dag at omlag 4 % av verdas landområde gjennomgår omfattande endringar i økosystem og medførande tap av tenester frå dei som vi er avhengige av. Til dømes tap av ville dyr og plantar, insekt til pollinering, overutnytting av fiskebestandar, tap av myrområde og naturskog, øydelagde korallrev og tropiske skogar. Med ytterlegare 1oC oppvarming, vil så mykje som 13 % av landområda på jorda oppleve økosystemendringar. Det er berekna at då vil omlag 16 % av plantane, 18 % av insekta og 8 % av alle virveldyr kunne misse meir enn halvparten av sine habitat. Dette vil sjølvsagt ha store konsekvensar ikkje berre for naturen rundt oss, men og for vår evne til å produsere mat til stadig fleire på jorda. Og i tillegg aukar risikoen for at vi passerer såkalla vippepunkt i naturen, der det vert sett i gang øydeleggjande kaskadeeffektar som vi verken har kontroll på eller kan klare å snu.

Massiv skogplanting

Den intensive bruken av verdas landareal er ein stor del av problema, og utan ei omfattande omlegging av arealbruken vil verken klimamålsetnadar eller naturmålsetnadar kunne nås. Naturens egen evne til å ta opp CO2 og andre drivhusgassar vil vera ein veldig viktig del av løysingane. I alle dei ulike scenarioa for korleis vi kan halde oss innanfor 1,5oC oppvarming, er massiv skogplanting det viktigaste tiltaket. Sjølv om ein er relativt optimistisk med tanke på kor raskt ein kan bytte ut fossil energi med fornybar, er det store dimensjonar det er snakk om – typisk areal på storleik med USA eller Europa. I tillegg ser ein for seg omfattande dyrking av biobrensel til elektrisitetsproduksjon, der ein skal bruke teknologi for massiv karbonfangst og lagring. Her er det både biletleg og bokstaveleg tala mykje upløgd mark, ikkje minst korleis slik omfattande produksjon av biobrensel kan gjerast utan at det går ut over matproduksjon, tilgang på vatn, og ikkje minst naturmangfaldet og dei tenesta økosystema gjev oss. (Figur 2.)

Figur 2. Til venstre vises scenario for korleis ein tenker at utsleppa av drivhusgassar kan endre seg frå 2010 då utsleppa er rundt 40 mrd. tonn CO2 i året og fram til 2100 då nesten 20 mrd. tonn CO2 årleg skal tas ut av atmosfæren ved hjelp av skogplanting og bioenergi kombinert med karbonfangst og lagring (CCS). Over streken til høgre vert det synt kor store areal som må nyttast til skog og bioenergi samanlikna med arealet til Europa, og under streken at desse areala kan frigjerast ved at langt mindre areal nyttast til beiteland og tildels og matproduksjon. Figur er etter FN sitt klimapanel sin spesialrapport om 1,5oC.

Kunnskap og samarbeid

Kva så med oss her oppe i nord? Det er ingen tvil om at klimaendringane også vil påverke norsk landbruk. Varmare somrar og lenger vekstsesong kan vera positivt, men det er mange truslar der ute. Vi vil få fleire episodar med ekstremnedbør, som vil stille krav til drenering, påverke når ein kan så og hauste, og ofte føre til mindre kvalitet på avling. Samstundes vil det truleg også bli meir vanleg med tørke, gjerne i kombinasjon med langt høgare sommartemperaturar. Vintrane vil bli mildare, og vi kan risikere at vi får inn nye typar ugras, skadedyr og plantesjukdomar.
Vi må gjere fornuftige val når det gjeld arealbruk både for dyrking av mat, område til beitedyr og til skogsdrift. Lokal matproduksjon er eit viktig klimatiltak, mindre bruk av kunstgjødsel og stopp i nedbygging av matjord og myrar er andre. Det er store muligheiter for meir karbonlagring i vårt langstrakte land. Restaurering av skogar og våtmarksområde på land, og av tareskogar i havet, vil kunne gje store bidrag. Det vil kunne utviklast nye teknologiar og metodar for å auka karbonlagring i matjord, og ein må bli flinkare til å verne område som til dømes skog i bratt terreng som både vil auke artsmangfaldet, gje meir karbonlagring og redusere faren for ras og skred.
For å snu dagens trendar må alle bidra, i alle land og i alle sektorar. Vi har ein lang veg igjen for å tilpasse oss til dei endringane som kjem og for å nå dei måla vi har satt oss. Det vil krevja kunnskap, og det vil krevja samarbeid. Men vi skal få det til!

Stikkord denne saka: ,
Share This