Konsekvensen av manglande sprøyting mot vassarve: Etter slåtten, som i stor grad inneheldt vassarve, såg enga slik ut. Store bøter utan gras. Her må det setjast inn tiltak med isåing, altså ekstra arbeid og kostnad. Blir det ikkje sådd inn meir grasfrø, vil desse bøtene sannsynlegvis bli dekt av tunrapp og/eller vassarve. Kanskje vil enga få eit kort og dårleg liv, og gje dårleg økonomi for bonden?