
Brattlendt: Marginar for traktorarbeid i bakkar krev godt vêr og gode dekk.
Usikra arbeid i lange stigar, frontlastar som arbeidsplattform, handtere store oksar åleine, arbeide i siloen utan vifte på, vinkelslipar utan augevern. Har du marginar å gå på?
Kolbjørn Taklo, NLR Vest
Mange kjøper bil med firehjulstrekk for at det skal vere tryggare - ein skaffar seg marginar på vegen. Men dersom ein aukar farten og køyrer på stadig brattare stader, så vert marginane oppbrukte. Ei vittig sjel har uttalt at fordelen med firehjulstrekk er at ein kan setje seg fast på meir utilgjengelege stader enn før. Kan skje kven som helst.
Rapporten ”Ikke en bonde å miste” (Follo m fl. 2016), slår fast at ”i landbruket kan ulykker skje hvem som helst, når som helst og hvor som helst”. Samanlikningar frå undersøkingar i 1982 og 2012 viser at arbeidsmiljøet ikkje har endra seg grunnleggande i denne perioden, sjølv om store delar av landbruket har endra seg mykje. Risikoen er stor, ulukkene mange og alvorlege, og bonden er bekymra for framtida.
Allereie digital abonnent?
Logg inn her
Sjå veiledning for korleis du bytar passord.
Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss ein epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer
eller kontakt oss på telefon 51 88 72 61.






