
Klassiske symptom: Auga er raudt og irritert. Me ser det har væska frå det. Nedre augelok er innrulla, tross forsøk på å rette opp med agraff. Ei klype sit i, den andre har ramla ut. Hornhinna ser normal ut på dette bildet. Augeloket vart fiksert med eitt sting og det gjekk fint etterpå. Lammet er 2 til 3 veker gamalt, problemet oppstod kring beiteslepp.
VETERINÆREN:
Sjekk auga på lamma
Innrulla augelok, entropion, er eit vanleg problem i norsk sauehald. Heldigvis kan du behandla tilstanden.
Hildegunn Mugås, dyrlege ved Hestavangen Dyreklinikk på Voss, og sauebonde.
Du ser det brått i sidesynet – eit lam som plirer imot deg. Auga er delvis att, det er raudt og det renn. Då er det viktig å sjekke kva som står på med det same, og å setje inn tiltak raskt.
Entropion kjem av gresk «en»-som betyr inn, og «tropein» som betyr vende. Det motsette er ektropion. «Ek» betyr ut.
Innrulla augelok, entropion, er eit vanleg problem i norsk sauehald. Dessverre, for det er både vondt og plagsamt for lammet, og det er arveleg. Ektropion er meir vanleg hjå ein del hunderasar, og hjå oss menneske.
Symptom
Symptom på entropion er at augeloket vrenger seg innover. Det resulterer i at augehår, og iblant også hud og pels, kjem i kontakt med hornhinna. Dette skapar irritasjon og er smertefullt. Det vil renne klar væske frå auga, og tilstanden kan utvikla seg til ein augebetennelse. Då vil sekretet verte kvitt eller grått. Hornhinna vert skada, me ser det som eit grått parti.
Lamma forsøker verne auga ved å halde det delvis eller heilt lukka. Dei unngår gjerne skarpt lys. Dei vert meir passive enn normalt og taper gjerne i kampen om mat og liggeplass.
Kva har skjedd?
I normaltilstand er hornhinna svært dehydrert (tørr). Det gjer at ein kan sjå gjennom den. Ved skade vil det trekke inn væske og området vert blakka og ikkje gjennomsiktig. Ved vidare irritasjon kan det oppstå djupare sår i hornhinna. I verste fall går den gjennom og vil påføre arr eller skade i heile auga, og dyret kan bli blindt.
Skade: Det er sett i augeklype og innrullinga er retta. Hornhinna er skada, me ser det som ein kvit flekk. Auga bør behandlast med salve.
Behandling
Behandlinga består i å rette opp det innrulla augeloket og å hindre skade på hornhinna. Behandlinga vil vere ulik etter når i forløpet me oppdagar problemet og kor alvorleg det er.
Nyfødde og svært unge lam:
Det kan vera nok å strekke opp huda og få augeloket i riktig posisjon. Me må følgje opp nøye for å sjå at dette er tilstrekkeleg.
Eldre lam, eller alvorleg grad:
Vil krevje behandling. Det vert nytta agraffer, augeklyper, for å stramme opp huda. Desse kan fungere godt, men har ein tendens til å ramle ut. Lamma tek ikkje omsyn og er borti både mor, kvarandre, og innreiing som kan få dei til å losne. Me må altså følgje med.
Agraff er ikkje alltid nok:
Fungerer det ikkje med agraffer, må de kontakte dyrlege for å få sydd eitt eller to sting. Dette fungerer vanlegvis godt.
Augebetennelse eller skada hornhinne:
Vil krevje behandling med augesalve. Dette må gjerast to gonger dagleg i fem til sju dagar.
Dyrevelferda er viktig:
Husk å smertebehandle ved behov. Eit lam som ikkje har vondt vil fungere betre på alle måtar.
«Dyr som har hatt entropion og dyr
i nær slekt bør ikkje nyttast i avl.»
Komplikasjonar
Alle punkteringar av huda kan vere inngangsport for infeksjon. Agraffar og sutur kan gje små lokale infeksjonar. Dersom dette skjer må dei fjernast med det same og området reingjerast.
Dersom det må setjast mange agraffar for å rette opp, er faren for infeksjon større. Det same om fleire augelok er ramma. Nedre augelok er oftare råka enn øvre.
Arveleg
I litteraturen er entropion beskrive som ein arveleg og medfødd sjukdom. Det stemmer med det me ser i praksis. Enkelte buskapar har mykje meir problem enn andre, og det er store variasjonar mellom år.
Det er likevel ikkje slik at me alltid ser det frå fødselen av. Erfaringsmessig kan det brått oppstå, og raskt bli alvorleg. Det kan skje på lam som er fleire veker gamle. Etter at dyra er kome ut er det gjerne vanskelegare å oppdage raskt.
Dyr som har hatt entropion og dyr i nær slekt bør ikkje nyttast i avl. Hugs å notere dei aktuelle individa opp om våren, for tilstanden viser ikkje att om hausten.
DEI SISTE ARTIKLANE FRÅ VETERINÆREN:

Typisk ku med klauvbyll
Av og til er løysinga openbar. Ring klauvskjæraren.

Tema: Klauvbyll
Klauvbyll eller hovbyll er ein smertefull tilstand som er årsak til akutt og tydeleg haltheit hjå hest og storfe. Årsakene til problema kan vere samansett.

Når gjetarhunden vert sjuk
Miljøet for bruk av gjetarhund veks og mange er aktive med trening og bruk. Hunden er for mange både ein god venn og eit viktig hjelpemiddel i drifta. Men aktive hundar har det også med å hamna i trøbbel.