Beste på dyrevelferd? Øksnevad, så klart!

10. januar 2025 | Leiarar

Bv0125 leder

Liv Kristin Sola
Bothild Å. Nordsletten

 

 

Like før jul fekk Øksnevad vgs ei gladmelding frå Rogaland fylkeskommune, (les artikkelen her). Nå skal det satsast på skulen: 15 millionar kroner blir sett av til eit eige biogassanlegg, og over 70 millionar til nytt undervisningsfjøs. Dette er svært gledelege og spanande nyheiter – og mykje pengar.

Prosjektet for det nye fjøset startar opp nå i år – og det er langt på overtid. Øksnevad vgs, som skulle ha vore eit kraftsentrum for alle landbruksinteresserte landet over, har nemleg lenge slite med både omdøme og låge søkjartal til agronom-linja.

At matfylket Rogaland held seg med ein jordbruksskule der fjøsa er så utdaterte at det går ut over dyrevelferda, er uhaldbart. Elevar som kjem frå bruk med moderne fjøs, blir svar skuldig når byungdom undrast på kor dårleg det er stilt i norske fjøs. For det er nett det Øksnevad er for mange av elevane – deira første møte med norsk husdyrhald.

Nå er vonleg tida komen for ei real opprusting. Og då må ein våga og tenka stort og klokt. Gjerne med det beste og mest oppdaterte innan teknologi. Men teknologi og dyre løysingar må ikkje stå i vegen for god dyrevelferd. For kva er det me vil vise landbruksinteressert ungdom frå bygd og by?

Tenk om det nye fjøset på Øksnevad kunne blitt eit føregangsfjøs for god dyrevelferd! Me treng ikkje ein endå meir kostbar variant av dei påkosta fjøsa me alt har her på Jæren. Me må sjå framover. Korleis ser eit fjøs ut i framtida? Skal ku og kalv gå i lag? Og få bu i eit fjøs bygd i tre? Med frisk luft?

For ein ting er sikkert – forbrukaren blir ikkje mindre oppteken av dyrevelferd. Næringa gjer klokt i å lytte. Sjå føre deg eit fjøs med ein ny standard for dyrevelferd som elevar som skal lære, men òg bønder som skal bygge eigne prosjekt, kan få inspirasjon i. Bygd etter Kusignal-metoden, slik artikkel-serien med same namn i Bondevennen har illustrert.

Med mange millionar i potten vil aktørane stå i kø for å få vere ein del av satsinga. Og mange meiner mangt om kva som må til i eit moderne fjøs. Men her må dyra sine behov stå i sentrum. Me minner om KuSignal-diamanten: Lys, luft, vatn, fôr, plass og kvile.

Det kua treng er ei mjuk seng, god plass ved fôrbrettet, og ein romsleg kalvingsbinge som tek vare på ku og kalv i denne kritiske fasen.

Så bruk millionane på å gi kua den plassen ho treng til å vere ku. Og sjå gjerne til Danmark, kor dei ligg eit godt stykke framfor oss når det gjeld krav til velferd for kua.

Det verste som kan skje for dyr og elevar i det nye Øksnevad-fjøset er om betong blir viktigare enn plass. Om teknologi trumfar biologi og kua og kalven sitt behov. At fasade blir viktigare enn innhald.

Det beste som kan skje, er om den komande byggeprosessen involverer folk som kan ku når dei skal planlegge fjøset. Det har dyr, elevar og tilsette ved skulen fortent.

Bondevennen håpar at det finst folk i fylkeskommunen og på Øksnevad som verkeleg engasjerer seg og ser kva moglegheiter som nå opnar seg for skulen, for morgondagens bønder og matfylket Rogaland. Som ikkje lar denne sjansen gå frå seg til å bygge eit fjøs for framtida.

Det blir nemleg lenge til neste gong.

DEI SISTE LEIARANE:

Ein langtidsplan for maten

Ein langtidsplan for maten

Det er på tide å bygga beredskap. Den spente situasjonen i verda, den handelspolitiske uroa, den føreståande opprustinga og den stadig ruvande klimakrisa levnar ingen tvil.

Våronn i absurditetane si tid

Våronn i absurditetane si tid

Me treng ikkje gni det inn. Den globale politiske situasjonen er absurd. Dei store overskriftene i nyhendemedia kan for tida få den sterkaste sjela til å få skjelven berre av synet av sin eigen skugge.

Meir medvind for mjølka

Meir medvind for mjølka

Mjølk tar av om dagen. Råvareprisen stig og bøndene svarer så til gagns på suget etter meir av det kvite gullet: I fjor vaks produksjonen med 76 millionar liter – den største auken på over 25 år, ifølgje Nationen.